Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten fjørfe

Fjørfereklame fordekt 
som undervisning

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklame­materiale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen.  Kronikken står på trykk i Dagsavisen 24.september 2012, og er basert på eit lengre essay i tidsskriftet PROSAs siste utgave om bøker om mat, landbruk og dyr for barn. Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom for øvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka. Les også: Du har blitt lurt. Bur for høns er ikkje forbode i Norge Den stolte hane er i dag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå bur...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

Den stolte hane bløffer om bur

Den stolte hane påstår dei ikkje sel egg frå høner i bur. Dette er ein bløff. Kikk på bura, som Den stolte hane omtaler som "ikkje eit bur": Jepp, som du ser er dette ein real forbrukerbløff frå Den stolte hane si side. For fleire fotos av bur som visstnok ikkje er bur, klikk her . Kikk også på videoer av bura og bedøm sjølv om Den stolte hane bløffer oss om bur eller ei. Cardinal Foods, som eig Den stolte hane, skriv i sin årsrapport for 2009 : "Vi er godt tilpasset morgendagens krav til produksjon og som eksempel har våre produsenter av egg allerede tilpasset seg forbudet mot burhøns som vil komme i 2012." Nei, kjære Cardinal Foods. Det er ikkje eit forbod mot burhøns, men eit forbod mot den gamle typen bur som har tredt i kraft. De bløffer forbruker. Lat oss sjekke kva Mattilsynet seier om saken: "Forbud mot bruk av tradisjonelle bur til verpehøns fra 1. januar 2012".   Dei seier ingenting om forbod mot bur. Det er det Den stolte ...

Bur for verpehøns framleis lov i Norge.

Nortura og Fjørfelaget påstår at bur ikkje lenger er lov i Norge . Det er ikkje riktig. Her kan du sjå video av den nye typen bur og bedømme sjølv om du meiner bur no er lovleg eller ulovleg i Norge. Slik omtaler Animalia den nye typen bur : •Miljøinnredning vil si romsligere bur for et begrenset antall individer, med vagle, strøbad og rede. Frittgående systemer kan i tillegg være økologiske. Kikk nøye på videoen etter korleis strøbad, rede og vagl ser ut og sjå om du greier assosiere fram at det er dette det skal forestille. Fjørfelaget er sjølvsagt kjempekritiske til at Rema 1000 merker egg fra burhøns med «egg fra burhøns». Eg foreslår at leder i Fjørfelaget, David Koht-Norbye, tar seg en synssjekk. Det koster 420 spenn hos Brilleland og gir godt bursyn. Også Den stolte hane, bløffer om bur . Dei påstår dei ikkje lenger sel egg frå burhøns, men det gjer dei. Dei sel egg frå same type bur som du kan sjå i videoen under, samt på linken mellom dei to videoane. Men dei omtaler d...

Bur for verpehøner framleis lov i Norge

I januar skreiv norske medier ei rekke saker om at no var bur blitt forbode for verpehøner i Norge. Dette var ein faktafeil. Norske verpehøner står framleis i bur, men i ein an type bur enn før. Sjekk bilete av bura her. Merk deg bilettekstane til burbileta: "hønene kosar seg", står det under dette biletet. Alle bileta er henta frå linken over. Og denne bodskapen, hønene kosar seg, greidde fjørfebransjen og Fjørfelaget lure mediene med på. Dermed fekk vi saker på trykk av denne typen: bur forbode for verpehøner i Norge. Men norske verpehøner står i bur den dag i dag. Eller kva vil du omtale installasjonen på biletet over som? Biletet under: det første her viser då altså reiret for høner i bur. Skikkelig flott reir, eller kva?  Biletet under viser då altså strøbadet hønene i dei nye bura får tilbod om. Denne måten å halde høner på er flott, ifølge fjørfelaget. Kva seier det oss om fjørfelagets syn på dyrevelferd? Spørsmålet er tabu å stille, men det er ganske ty...