Gå til hovedinnhold

Fjørfereklame fordekt 
som undervisning

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklame­materiale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen. 



Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom for øvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka.

Les også: Du har blitt lurt. Bur for høns er ikkje forbode i Norge

Den stolte hane er i dag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå burhøns. Men ifølge Rune hos Den stolte hane, kjem tretti prosent av egga den dag i dag frå miljøinnredningar, altså bur. Men fjørfenæringa stoppar ikkje med bløffing av vaksne forbrukarar. I samarbeid med Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer dei norske barneskuleelevar sitt eige fjørfepensum.

Undervisningsheftet «Pål sine høner», utgitt av Opplysningskontoret for egg og kjøtt, har, ifølge kontoret sjølv, vore eit tilbod til 3. trinn i grunnskulen sidan skuleåret 1999-2000, og vert jevnt over nytta av åtti prosent av desse. Dessverre treng ein ikkje leite lenge før ein treff på den første påstanden lausriven frå virkeligheten.

Fleip: «Hver høne/hane (stryk det som ikke passer, red.anm) legger egg i litt over ett år. Så slaktes de og blir til hønsekjøtt som vi kan spise.»

Men Opplysningskontoret gir seg ikkje med dette. I lærarrettleiinga skriv dei: «På denne måten får vi ikke bare en effektiv eggproduksjon. Vi sikres også det beste kjøttet, fordi unge høner har kjøtt av høy kvalitet, som er magert og lett fordøyelig.»

Fakta: Verpehøner vert ikkje slakta. Dei vert gassa. Og dei vert heller ikkje spist, dei vert brende i forbrenningsanlegg som spesialavfall. «Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2.» Og: «Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» (Kilde: Fagsenteret for fjørfe).

Les også om motstanden mot at kyr skal få kome ut sommarstid. Kronikk Dagbladet.

Heftet heitest å vere eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 3.trinn basert på Kunnskapsløftet. Det utgir seg altså for å vere fagleg. Eg foreslår difor at Opplysningskontoret tek inn denne setninga i undervisningsheftet: «Eksempel på gassar som kan brukast til avliving av verpehøns er blåsyre (cyanidgass), kullmonoksid (CO) og CO2. Naturfagoppgåve: Diskuter desse gassanes eigenskapar.»

Dette ville ha vore ei open og ærleg tilnærming til tematikken. Men «Pål sine høner» legg ikkje opp til kritisk refleksjon. Det legg opp til å skape positive assosiasjonar rundt eggproduksjon i tråd med

Opplysningskontoret si oppgave: Auke norsk eggkonsum. Det er eit reklamemateriale presentert som undervisningsmateriale for ungar. Men også retta mot lærarar. Lærarar kan få gratis egg tilsendt i posten, eller om dei evaluerer opplegget, vinne ei gratis helg i Oslo med besøk hos Opplysningskontoret. Opplysningskontoret betaler for vikar og dekker alle utgifter.

Den eine forfattaren er fjørfebonde Hans Christian Kihl som blant anna har styreverv i Bondelaget og fagutvalgsmedlem hos Nortura på CV-en. Den andre, Marlene Furnes Bagley, sit i arbeidsutvalget for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, og har arbeidd for Fagsenteret for fjørfe. Den tredje, veterinær Liv Kjærnet, tidligare styremedlem i Norsk Fjørfelag og medlem av World’s Poultry Science Association (WPSA).

Forfattarane påstår vidare at vi aldri har hatt problem med salmonella i norsk eggproduksjon, sjølv om denne bakterien blir påvist i norske fjørfebesetningar så og sei kvart einaste år. Lærarvegleiinga påstår at «salmonella er eit stort problem i utlandet», utan å definere nærmare kva «utlandet» er.

Sverige er for eksempel, på same vis som Norge, definert som salmonella-fri sone, men retorikken i heftet legg opp til god, gamaldags branding av Norge som best i verda og mat frå utlandet som farleg. Det er ei avleggs og fordomsfull tilnærming i eit hefte som gir seg ut for å vere seriøst undervisningsmateriale mynta på ungar født inn i ei global cyberspace-verd.

Og reklamematerialet «Pål sine høner» får altså norske barneskular presentert som «undervisningsmateriale». Den må tidleg bløffast som ukritisk forbrukar skal bli.

                                                                  ***

Les heller mi barnebok Elise og mysteriet med dei døde hestane;)

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn