Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 23, 2009

Må fortsatt blogge frå fjøs

Er dette god pr for bygda? Gaular kommune putta opp internett, men folk er sjølv ansvarlige for å finne ut av at internett ha kome til bygds. Resultat: Oslo-kontor. Kva slags lokalpolitikk er dette? Galskap.

Twitterdebatt mellom @anneviken og @halvorgregusson torsdag kl.13. tag:#sfrekrutt

følg med her: http://twitterdebatt.dilldall.org/ Markedsføring Korleis skal sogn og fjordane markedsførast? Ved bruk av klisjear og bonderomantikk? Er klisjeane om fjordfylket faktisk sanne? ER det slik at det er reelt for alle å kjøre brett og skaffe seg ein farm? Er det løgn det vi høyrer om alle dei som ikkje får kjøpt seg ein gard fordi odelslova står så sterkt? Er det alle som får stipend frå Innovasjon Norge, og er det så heise attraktivt å vere gründer? Media elsker bonderomantikk I det siste har det vore mange reportasjer i Aftenposten om folk som flytter til bygda, mange av desse til Sogn og Fjordane. Det er idyll, det er landet, det er friluft, sauer og moreller, hard arbeid, svette og tårer: det er livet som gründer på landet. Er det slik bygda ønsker å bli framstilt? Som ein stad der du kan realisere ei lengt tilbake til naturen, ein heilt anna stad enn byen, og her er vi inne på noko: Sogn og Fjordane definerer seg sjølv som noko heilt anna enn byen, og det er alt so