Gå til hovedinnhold

Twitterdebatt mellom @anneviken og @halvorgregusson torsdag kl.13. tag:#sfrekrutt

følg med her: http://twitterdebatt.dilldall.org/

Markedsføring

Korleis skal sogn og fjordane markedsførast? Ved bruk av klisjear og bonderomantikk? Er klisjeane om fjordfylket faktisk sanne? ER det slik at det er reelt for alle å kjøre brett og skaffe seg ein farm? Er det løgn det vi høyrer om alle dei som ikkje får kjøpt seg ein gard fordi odelslova står så sterkt? Er det alle som får stipend frå Innovasjon Norge, og er det så heise attraktivt å vere gründer?

Media elsker bonderomantikk

I det siste har det vore mange reportasjer i Aftenposten om folk som flytter til bygda, mange av desse til Sogn og Fjordane. Det er idyll, det er landet, det er friluft, sauer og moreller, hard arbeid, svette og tårer: det er livet som gründer på landet. Er det slik bygda ønsker å bli framstilt? Som ein stad der du kan realisere ei lengt tilbake til naturen, ein heilt anna stad enn byen, og her er vi inne på noko: Sogn og Fjordane definerer seg sjølv som noko heilt anna enn byen, og det er alt som er annleis enn byen som vert trekt fram når ein skal markedsføre Sogn og Fjordane. Er dette det beste trikset i boka? Ein av tre som bur i Oslo vil flytte ut av byen, las eg i Aftenposten. Kvifor? Nettopp fordi bygda er alt anna enn byen?

Kva meiner folket sjølv?

Og likar dei som bur på bygda å bli framstilt slik dei vert framstilt i media og markedsføring, eller gir dei blanke? OG kva med oss som bur utanfor og ser inn? Tel vårt inntrykk av kva vi ser, eller er det tanken bak kva vi ser som skal telle? Kvifor er det i tilfelle sprik mellom tanken bak og det vi ser?

Mitt blikk er utanfrå,

Eg veit ikkje svara på alt dette, men eg lurer, og det er svært interessante tema all den tid bygd - by, sentrum - periferi- skillelinjene er vel så sterke per i dag som nokon gong før.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Villsauliv på Værlandet

Brenning av lynghei. Ny næringsrik lyng kjem opp og blir fine beite. Her går sauene ute året rundt.

Bønder er meir nyttige enn skribentar

Eg ser at frilansjournalistane Marit Bendz og Heidi Hattestein frå Førde har fått utmerkelsen "Årets frilansere" Eg gratulerer. Då eg såg på Bendz sine bilder på sida hennar Skrifta og veggen , fann eg dette sitatet: "Den som rydder mark, gjør menneskeheten en større tjeneste enn alle Europas skriblere", Voltaire. Eg og ein skribentkompis sat nett idag å diskuterte nettopp dette. I sommar var det nemleg ein bonde som gjorde eit stort poeng, det ut av at han forvalta fleire millionar (ni) kroner enn meg. Han var visstnok ein betre og meir nyttig, meir hardtarbeidande og ærleg samfunnsborgar enn meg (kva er dette slags argumentasjon?), og eg sat å høyrde på og tenkte omtrent dette: gi faen i å dynge meg ned i dine mindreverdighetskomplekser. Eg tjener mine penger til livets opphald, du dine. Eg har valgt min måte å gjere det på, du har valgt din. Det er ikkje min feil at du må springe frå fem om morgonen til tolv om natta kvar dag heile året. At du spring på denn