Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 15, 2009

Ufrivillig mannlig selskap i Markveien nattestid ..

Det er av og til ganske irriterande å vere kvinne. Du blir plystra etter og ropt etter og du blir ufrivillig fulgt heim av mørkhuda menn som står linja opp på begge sider av Markveien i Oslo og "wanna be your friend". Eg har blitt fotfulgt frå Akerselva til Birkelunden. Jadda, gutta. De er sikkert greie på bånn, innerst inne, langt borte og godt skjult under huden ein stad, men eg vil ikkje ha selskapet dåkas på vei heim frå byen. Likevel får eg det. Med mindre eg smeller til og ber dei ryke til helvete med god fart. Dette tørr eg vel å merke ikkje om eg går aleine, då risikerer eg å måtte bruke ein kilomter vei på at typen går ved siden av og seier "I just wanna be your friend, why you say fuck you????" Og så må du stoppe og vente til nokon andre kjem forbi som du kan henge på deg, og sjølv då gir ikkje dei verste av dei gutta her opp masinga si. Dei følger etter på andre sida av gata, eller like bak deg. Det hjelper knapt å oversjå dei. Då blir dei gåande ved sida