Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 10, 2011

Aps landsmøte har gått inn for å avvikle pelsdyrnæringa! Gratulerer!

No er det berre å fortsette arbeidet mot pels fram til eit totalforbod ligg på bordet. Vi kan håpe at det ikkje ligg langt inn i framtida. Å forsvare pels i vårt samfunn er ikkje mulig, verken utfrå etikk, fag eller økonomi. Det er ei næring frå fortida, ikkje ei næring for framtida. - 6 av 10 Ap-velgere er mot pels - Pelsnæringen gir bare få og ustabile deltidsarbeidsplasser - Likevel mottar pelsnæringen nesten 50 millioner av våre felles skattekroner hvert år Eg har gått gjennom den nye pelsdyrforskrifta og den viser tydeleg ei næring langt bakpå. Dei krav som er sjølvsagte, så sjølvsagte at ein ikkje ein gong nevner dei for hald av andre dyreslag, er praktiske reglar i dagens pelsregelverk. Arbeiderpartiets vedtak om pelsdyroppdrett "Styrt avvikling av pelsdyroppdrett etter en overgangsperiode med omstillingsmidler Arbeiderpartiet mener det er forbundet med store utfordringer innen dyrevelferd i pelsdyrnæringen - noe både Den norske veterinærforening og Veterinærinst

Les helgas Klassekampen: momskuttlureriet og nøkkelholsspøken

Om kor helsefarleg og lite etisk nøkkelholsanbefalingar om kvitt kjøt er for deg som konsument. Korleis Kiwi, utan å vite det sjølv, anbefaler deg helsefarleg kvitt kjøt. Det er vanskeleg å tenke seg at Kiwi har gjort eigen research, dei har gjerne berre hoppa på nøkkelholets historier. Er det snart på tide å kalle ein spade for ein spade: pelsdyroppdrett er ikkje landbruk. Kylling og kalkun er heller ikkje landbruk: det er industriproduksjon på linje med fiskeoppdrett. Kvifor kan vi i grunn kalle kylling og kalkun for landbruk når vi ikkje kan kalle fiskeoppdrett for landbruk? Logikken er ikkje særlig klar. Det er mengdeproduksjon i industrielle mengder. Det handlar ikkje om å bruke landet. Det handlar om bigger, faster, cheaper: produsere mest mogeleg for lågast mogeleg kostnad. Ordet er industri. Fisk, kylling og kalkun er ikkje landbruk. Ei heller pels. .