Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 22, 2011

Total makeover for afrikabiff

Biff frå Uganda er eit vestleg eksperiment. Desember 2010. Eg har reist til MUL-landet Uganda for å besøke UMPCU (The Uganda Meat Producers Cooperative Union) der Nortura og Norad er involvert i å utvikle ein ugandisk kjøteksporterande industri. Målet for eksporten er den europeiske marknaden. Denne artikkelen stod på trykk som Signert-artikkel i Klassekampen 21.mai 2011. Les også: reportasjen frå Uganda om slakteriprosjektet. Som MUL-land (Minst Utvikla Land) har Uganda toll- og kvotefri adgang for kjøt til Europa, men i 2010 kom under ein halv prosent av den totalte importen til Norge frå nulltolland. (Det finst 64 nulltolland). Mange spør seg kvifor vi då ikkje importerer kjøt derifrå. Dei snakkar om manglande vilje til import frå fattige land, men dette er langt frå heile sanninga. Skal Uganda eksportere, må Uganda tilpasse sin standard til Europas, standarder for import. Nokre meiner at våre standarder er handelshindringar, andre meiner dei hjelp oss halde oppe trygg matk

Bildens orientalisme

Kaare Bildens kronikk er eit gufs frå fortida. Ein orientalisme i synet på utviklingsland som høflige leverandørar, ventande ved døra på at vi skal importere deira kjøt. Det er underlig, at vi i 2011 må lese ein slik kronikk, det kjem til og med ei heil bok om tema. Slik går det når teori fjernes frå praksis, og når utviklingsland blir betrakta som stakkarar ved vår dørstokk. For utviklingsland satsar ikkje berre på rolla som råvareproduksjon, slik Bilden virkar tru. Landbruk er ikkje den næringa som får folk flest ut av fattigdom. Vi veit at i ei rekke utviklingsland forlet folk landsbygda, og ein har dei same sentraliseringstrendane som det vi ser i Norge. Vi veit også at mange utviklingsland evnar å skape andre produkt enn råvarer. Vi veit også at ingen økonomi har kome seg ut av fattigdom som råvareprodusent. Formelen Bilden legg fram, er eit gufs frå fortida. Idag er det ein attraktiv tanke for ei rekke utviklingsland å eksportere til Vesten. Betre prisar, st