Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg med etiketten distrikt

Opera som motmakt: Vestlandets rolle aktualisert

To hundre år etter Guiseppe Verdis død, vert LaTraviata nytolka innanfor rammene av norske motkulturelle rørsler.  Sjå innslag om operaen på Dagsrevyen 20.august. Fotosession med Hulda som Violetta, iført bunaden til Anne Viken Opera er ein av dei minst sette og mest elitistiske kunstformene i verda, og muligens også den dyraste. Dette sa programleiar Sarah Montague i samtale med operasongar Thomas Hampson i BBC hardtalk 30.juli i år. Eg skulle ha likt å sett Montague på besøk på Åmot Operagard i Bygstad der operaoppsettinga i slutten av august problematiserer dei historisk distriktsbaserte motrørslenes kamp mot klassesamfunn, liberale og urbane verdiar. På denne måten kan opera ta del i samtidsdebatten.     Sunnfjordbunader akkompagnert av fôrhøstarar frå Taarup med beitande islandshestar bak gjerdet. På låven brakar indremisjonspredikantar saman med lokal bondekultur og overklasseluksus i årets nytolking av La Traviata av Guiseppe Verd...

Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad

Gratulerer med dagen og takk for invitasjonen! Det er ei ære. Det er flott å tale her i Bygstad, under Storehestens massive veggar. Du kan lese heile talen i denne bloggposten, eller sjå den på videoen under. Videoen tar 20 minutt . Anne Viken taler 17.mai 2013 i Bygstad from anne viken on Vimeo .   Når vi ser rundt oss, er det ikkje så grønt som vi skulle ønska det var i mai, men sjølv om bøane ligg gule og brune etter ein kald vinter finst der liv innimellom. Når ein ser utover bøane vil vi finne eit og anna grønt strå. Det er nesten som å sjå Sogn og Fjordane frå lufta. Ein ser for det meste natur, fjell og fjordar, men ser ein nøye etter oppdagar ein folka som bur her, langt inne mellom fjordar og under bratte fjellveggar. Her har vi klamra oss fast i uminnelege tider. På Kleppe, foto John Ole Kleppe Heilt frå steinalderen, då kysten var skogkledd og folk budde i steinholer, gjennom tida som del av Holmedal prestegjeld, seinare Indre Holmedal, til vi i...

Hamburger Trail - søppelmat langs norske turistvegar

Når ein køyrer langs norske vegar, blir ein av og til svolten. Naturen er fantastisk flott og ein stoppar for å ete litt. Men kva får ein servert? Jo hamburger. Sjå på biletet under. Det er frå fagre Fjærland. Og kva ligg på tallerken? Jo, ein minimal burger til ein drøy pris. Det er ein stor mismatch mellom natur og kva mat ein får. Langs vegen går kyr og sauer på beite, men når ein skal kjøpe mat er det pølser og burger. Er det pølser og burger som vert produsert i vakker norsk natur? Søppelmat frå rein og pen natur? Det er i tilfelle ein tragisk måte å forvalte ressursar på: omskape dei til søppel. Er det desse fine kyrne som har blitt kverna om til burger? Skammelig er det i tilfelle. Fjærland kunne ha vore ein hot spot for luksusturisme, men då må service og matkvalitet opp mange hakk.  Her er breen i Fjærland. Matcher den ein hamburger?? Hadde det ikkje vore triveligare å ete lokal kvalitetsmat i denne naturen, enn ei svidd pølse med ketsjup? ...