Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 2, 2010

Har Lorentzen forskningsdata som beviser at Eia er i førtiårskrisa? I såfall, biologiske eller kulturbetinga?

Lorentzen, eg må dessverre legge an ein litt nedlatande tone all den tid det er denne tonen du sjølv opptrer i... Vi veit at du er ein tullete kjønnsforsker, men seriøst. Ikkje gidd å angripe Harald Eia for å vere i førtiårskrisa . Var det ikkje du som fornekta biologien? Da veit du jo at førtiårskrise ikkje finst i ditt univers. Alder er nemlig biologisk. Vi blir eldre, biologien forandrar seg, vi kjem i ehh... krise?? Eller meiner du alder er kulturelt betinga? I nokre samfunn blir vi gamle, i andre ikkje? Og her til lands kjem vi i kriser frå tid til anna, eller har du data på at dette skjer over alt? Så kjære Lorentzen, kan du forklare Harald Eias førtiårskrise som biologi eller som kultur? Og meiner du, Lorentzen, at du har faglig belegg for å trekke fram Eias skillsmisse i ein debatt på TV? Og er grunnlaget ditt i såfall kultur eller biologi eller statestikk, eller er du rett og slett berre like usaklig og uinteressant og aggressiv og uinteressert i debatt som det du alltid fr

Målfolka må komme seg ut av reservata sine (kven har ikkje tenkt det?)

Du er kritisk til det arbeidet målrørsla gjer? Det verkar som om dei ikkje er heilt klar over kva for samfunn vi lever i. Sett på spissen: målfolka held seg helst til reservata sine. Skal nynorsken klare seg, må dei ut derifrå. I di eigen språkbruk stiller du deg nokså fritt til normer og rettskrivingsreglar? Eg brukar dei orda eg treng. Når eg er i stuss, går eg fote tilbake til min eigen dialekt og spør kva som vil vere den naturlige uttrykksmåten der. I rettskrivingsspørsmål må vi vere tolerante. Vi må godta at språket vårt er i endring, de vil det nødvendigvis vere i eit samfunn som endrar seg så raskt som vårt. Utdrag av intervju med Kristian Fossheim som fekk Fylkesmålprissen i Sogn og Fjordane i 1989. Intervjuar er Ove Eide, og det stod på trykk i Sogn og Fjordane magasin nr 4, 1989.