Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 5, 2012

Livet i praksis: ulike ting som plagar kyr

Eg har ein del kupasientar, og så ein del hestar. Det betyr at eg dagen lang køyrer rundt i ein stor firhjulstrekkar full av ting og tang, og fiksar store dyr. Helst ikkje kattar og hundar. Kattar og hundar må andre ta seg av, så langt det går. Sau er her lite av. Geitepasientar har eg vel knapt sett i mitt liv, og berre tidvis får ein grisar til behandling. Like greit. Grisefjøs er så varme, klamme og dyra står så tett at det er eit lite mareritt å vere der. Kufjøs er langt betre. Ei  diagnose du kan få på ku, er løpemagedislokasjon. Det vil sei at ein av kuas fire magar, løpemagen, er full av gass og har flytta seg til feil side i kuskrotten. Dette er ein venstresidig løpmagedislokasjon. Det finst også høgresidig, men dei er sjeldnare. Symptoma på at ein slik diagnose foreligg, er at kua er sløv og gjerne et dårleg og melkar lite. Då kjem eg ut, knipsar kua på venstre sida medan eg lyttar med stetoskopet, og høyrer ping ping -lydar som om ein knipsar på ei tom stålbøtte. Desse lyd