Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 6, 2011

Utan innlagt vatn, dusj og internett, duger helten best

Sidan eg så og sei aldri skriver noko om kva eg bedriv på fritida her på denne bloggen, gjer eg idag eit unntak. Budde her i dette stabburet frå 1700-talet tre månader i sommar. Utan internett, innlagt vatn og dusj. Det var glimrande. Vinden bles inn gjennom vegga og det kunne bli ganske mørkt her om kvelden, ute altså. Inne var det elektrisk strøm. Utsikta var vakker over Storsjøen og rundt stuga gjekk hestar på beite. Her låg ein middelaldersk avrettarplass der ein brukte høgge av folk armar, føter og andre passande kroppsdelar i middelalderen og tidlegare. Kyrkja som ligg like ved vart påbegynt på 1200-talet og ein frende av Olav den Heilage ligg under golvet der. Hackås kyrkje er Sveriges eldste steinkyrkje, eller nest eldste. Like utanfor døra til stuga gjekk pilgrimsvegen til Nidaros. Dei gjekk ned ved kyrkja, 300 meter lenger bort, ned til sjøen og rodde over. På andre sida av sjøen ligg ei avlatskyrkje. Det betyr at ein ved å dra dit kunne kjøpe seg fri eit visst antal dagar