Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november 18, 2011

Kåringa "Årets unge bonde": eit langt gjesp/ "er det ikkje litt harry at brekk utnevner sine eigne lokalpolitikarar til årets unge bonde"?

Dessverre tyder denne kåringa på at landbruket snakker til koret/ menigheten, ikkje til publikum. Årets unge bonde er ikkje i tvil om kva som var høgdepunktet i høve kåringa. – Det var utruleg kjekt å få kome til Brekk sitt kontor i lag med dei andre kandidatane. Det er veldig bra han tek seg tid til oss og høyrer på innspela me har, seier ho. (Nationen 18.november 2011).  Kandidaten heiter Elisabeth Holand (31). Det er koseprat og enda meir koseprat når Lars Peder Brekk, Mc Donalds og Bygdeungdomslaget kårar årets unge bonde. Juryens leiar er sjølvsagt Brekk. Kanskje ikkje så rart det vert koseprata. Ein har jo, trygt og godt, kåra ein av sine eigne. Ein Sp-politikar. Det er feigt, det har slagside og det framhevar det vi mistenker frå før: her er det lite rom for politisk spekter og nytenkning. Brekk har løfta fram ein av sine trauste våpendragarar. Landbruket er satt lite nytenkande. Ein får ikkje inntrykk av innovasjon, nytenkning og spreke utspel. Ein får inntrykk av at det