Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 7, 2009

Siv Jensen er reaksjonær og kunnskapslaus - trur ho virkelig på det ho seier sjølv? Meiner ho at politiske utspel skal vere på vitsenivå?

Siv Jensen er reaksjonær. Av og til må eg nesten le av kva ho faktisk kan finne på å sei. Meiner ho det ho seier? Det er jo beint fram nede på vitsenivå, og i tillegg sagt med ein så bestemt og bastant tone at ein skulle tru det var faktiske tilstander ein snakka om. Eg skratter i skjegget. Siv Jensen raser blant anna mot at damer 8. mars går i tog under parolen Norge ut av Afghanistan. Har ho ikkje fått med seg alle dei andre parolene, eller kan ho kanskje ikkje lese? Jensen legger opp til eit debattnivå der det ser ut til å vere eit krav å vere dum for å delta, eventuelt kunnskapslaus i grotesk grad. Dette med snikislamisering av Norge... Til og med imamen i Rosengård i Malmø sa at Jensen neppe hadde vore i Rosengård, då hadde ho aldri brukt denne bydelen som eit eksempel på islamiseringa ho prediekrer at foregår. Eg lo og rista på hovudet, er ho spinn vill? lurte vi på, men så er det jo eit snev av alvor oppi dette her: Trur folk på det ho seier? Er folk virkelig så kunnskapslause