Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 23, 2009

..og ut av puddersnøen stig det nye Norge

Datoen er 17. februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå dei hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Fagre lovnader om kva fjordfylket kan tilby oss, svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. «Framtidsfylket» har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entreprenørar i fråflyttingsfylket nummer ein på Vestlandet. Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet. I introduksjonen til «Hvordan lykkes med omdømmebygging i norske kommuner?» av Børre Berglund, som kan lastast ned frå departementet si heimeside, står det at omdømearbeid er eit identitetsprosjekt der kommunane må finne seg sjølv