Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai 9, 2010

Idealistar eller marknadsbevisste kapitalistar: storfebønder

Økologiske melkebønder meiner dei har eit etisk perspektiv sjølv om dei ikkje grev ned kuhorn bak låven og går rundt i buserull. Det meiner dei konvensjonelle også. Anne Viken, tekst og foto (reportasje frå Dag og Tid, høsten 2008) Om ein ser på næringsverdien for deg som forbrukar, er økologiske og konvensjonelle matprodukt tilnærma identiske, og om ein ser på driftsformer, driv økologiske melkebønder på same måte som dei konvensjonelle. Fjøsa er bygd etter dei same måla, ein nyttar dei same dyrerasane, og kyrne får den same kosten. Skilnaden er at økologiske kyr får gras frå enger dyrka utan bruk av kunstgjødsel og sprøytemidler, samt at dei får økologisk kraftfôr. Uansett, kraftfôr får dei, og kraftfôr er produsert med bruk av både maskiner og olje. Så kvar ligg resten av skilnadene mellom konvensjonell og økologisk melkeproduksjon? I mentaliteten til bonden som driv? Moralsk ansvar -- Så kvifor driv du i konvensjonell samdrift? -- Det økonomisk sett beste valg