Gå til hovedinnhold

Idealistar eller marknadsbevisste kapitalistar: storfebønder

Økologiske melkebønder meiner dei har eit etisk perspektiv sjølv om dei ikkje grev ned kuhorn bak låven og går rundt i buserull. Det meiner dei konvensjonelle også.


Anne Viken, tekst og foto (reportasje frå Dag og Tid, høsten 2008)


Om ein ser på næringsverdien for deg som forbrukar, er økologiske og konvensjonelle matprodukt tilnærma identiske, og om ein ser på driftsformer, driv økologiske melkebønder på same måte som dei konvensjonelle. Fjøsa er bygd etter dei same måla, ein nyttar dei same dyrerasane, og kyrne får den same kosten. Skilnaden er at økologiske kyr får gras frå enger dyrka utan bruk av kunstgjødsel og sprøytemidler, samt at dei får økologisk kraftfôr. Uansett, kraftfôr får dei, og kraftfôr er produsert med bruk av både maskiner og olje. Så kvar ligg resten av skilnadene mellom konvensjonell og økologisk melkeproduksjon? I mentaliteten til bonden som driv?


Moralsk ansvar

-- Så kvifor driv du i konvensjonell samdrift?


-- Det økonomisk sett beste valget, hadde vore å selge garden og legge ned. Då hadde eg vore nesten gjeldfri, men vi har eit ansvar for å produsere mat, og for å drive jorda. Dermed gjer ein sånne nest beste valg. Vi kan kjøpe all mat frå fattige land, men det er ikkje moralsk rett, meiner eg. Vi synest det er viktig å ha store tankar om det vi driv med, samt å ha fokus på det moralske ansvaret det er å produsere mat, seier Ole Jakob Nedrebø (42), kulturskulerektor i Hyllestad og konvensjonell samdriftsbonde på Straumsneset i Fjaler.


Nest beste valg var her å investere i samdriftsfjøs saman med naboane snekkar Oddvar Åsnes (60) og fulltidsbonde Kjartan Åsnes (39), og starte opp SMOK – Straumsnes Melk og Kjøt. Dei bygde så nøkternt som mogeleg, og rekninga kom på 8,2 millionar kroner for fjøsen som opna 14.oktober 2007, ein god del dyrare enn først berekna. Fjøsen er ein klassisk lausdriftsfjøs.


-- Mat er det minste vi bør ha råd til å produsere i Noreg, seier Kjartan Åsnes.


Årsaka til at dei gjekk saman i samdrift, var eit ønskje om å halde jorda i hevd og produsere mat, samstundes som dei var økonomisk avhengige av arbeid utanom garden. Dermed slo dei seg saman for å begrense arbeidsbelastninga samt sikre vidare drift av gardane. Den viktigaste skilnaden frå før vi gjekk saman, er ein ny og betre arbeidsplass, samt ordna arbeidstid, ferie og fritid. Det sosiale er også viktig, at ein slepp arbeide aleine heile tida.


Urban befolkning

I 2007 utgjorde jordbruket 2,3 prosent av den totale sysselsettinga i Noreg, og 0,5 prosent av BNP, men til tross for låge tal, finst det knapt eit politisk meir brennbart tema i Noreg enn matproduksjon. Bøndene blir både i intellektuelle, om enn ikkje spesielt kunnskapsrike, og i mindre intellektuelle miljø uthengt som snyltarar som vassar i store traktorar og bidreg til at folk i sør svelt ihjel.


Stadig fleire veks opp i urbane strøk utan den same kontakten med bygda som folk hadde før, men uansett kvar folk veks opp, har dei meiningar om matproduksjon. Mat er til sjuande og sist noko vi alle treng, men distansen til matprodusenten, gjer at debatten rundt matproduksjonen i Noreg i dag i stor grad tufta på heilt andre ting enn kunnskap.


Ikkje nisjeproduksjon


Men kvifor kan dei ikkje drive med nisjeproduksjon? Småskala, lokal mat og økologiske produkt er jo i vinden som aldri før.

-- Småbrukarlaget har eit meir romantisk syn på landbruk, men alle kan ikkje drive med nisjeproduksjon, ikkje her. Om vi hadde budd like ved Bergen, kunne vi ha reist inn og selt varene våre på torget, men det kan vi ikkje. Det blir for langt, seier Nedrebø.


Men sjølv om SMOK ikkje driv nisjeproduksjon, driv dei heller ikkje spesielt storskala. Den som snakkar om industrilandbruk i Noreg, skulle tatt seg ein tur til dei virkelig store farmane i eksempelvis USA, der ein kan møte på fjøsar med 25 000 melkekyr, men ein treng heller ikkje reise lenger enn til Danmark for å sjå storskala landbruk. I Noreg hadde vi i 2007 13 700 jordbruksbedrifter med tilsaman 261 812 kyr. Det gir eit snitt på tjue kyr per bruk, og om ein set på seg globale briller og set ting inn i den store samanhengen der ting høyrer heime, ser ein raskt at SMOK driv eit lite småbruk.


-- Eit firma i Danmark heldt dei på å le seg ihjel då vi fortalde om dimensjonane på gjødselsiloen vi skulle bygge. Dei lurte på kva som var poenget med å bygge ein så liten silo. Dei var rett og slett ikkje interessert i å levere silo til oss. Dei laga ikkje så små siloar, seier Nedrebø.

Sverige gir ikkje støtte til å bygge fjøsar av denne mikrostørrelsen. Det blir for smått og lite konkurransedyktig i den internasjonale marknaden.


Økobønder størst


Sjølvforsyningsgraden har dei siste 25 åra halde seg stabilt rundt femti prosent. Jordbruket har gjennomgått ei rask utvikling mot færre og meir effektive bruk utan at jordbruksareal i drift har blitt noko mindre, og stikk i strid med det mange kanskje trur, er det dei økologiske melkebøndene som i snitt produserar mest melk. Medan snittet for konvensjonelle bruk i 2007 var på 112 000 liter melkekvote, låg økobøndene på 122 000 liter.


Forbrukarane etterspør økologiske produkt, og mange let til å tru at økologisk mat er produsert på gardsbruk som er langt mindre og langt koselegare enn konvensjonell mat, medan fakta er det motsette. Dei økologiske melkebruka er i snitt større enn dei konvensjonelle. Det er ein tendens at dei som satsar mest pengar og bygger størst, er økobønder, og tendensen vil halde fram, seier Gjermund Stormoen, ansvarleg for satsinga på økomelk i Tine på landsbasis til Nationen ifjor.


Og om ein spør seg kven som er dei mest marknadsbevisste av den økologiske bonden og den konvensjonelle, er det ikkje sikkert ein får det svaret ein venta seg. Økologisk landbruk er ikkje nusselege småbruk med to høner og ein sau, men økologisk er utvilsamt ei god merkevare sjølv om økologiske kyr står på bås aldri så mykje. Kanskje kan dette “falske imaget” vere godt for matsalget, sjølv om bøndene sjølv kanskje ikkje er like glade i myten om at dei er raddisar med høner på låven.


Idealistane borte


-- Dei som legg om av idealisme, er det nok ikkje så mange att av. Dei som legg om no, gjer det med tanke på økonomi. Å drive økologisk kan gi betre økonomi i gardsdrifta. For han eg driv saman med, var det uaktuelt å legge om til økologisk før vi visste at vi fekk betalt for det. Å legge om til ein dyrare produksjon utan å få betre betalt, hadde vore uaktuelt for oss begge, seier Johannes Eggen Mundal.

Eggen Mundal driv økologisk i samdrift i Fjærland, men sjølv om han får økotillegg per liter melk, blir melka i første omgang blanda med konvensjonell melke og levert til butikken i vanlege melkekartongar. Meieriet har rett og slett ikkje nok økoprodusentar i sin leveringskrets til å kunne starte opp ein eigen produksjon av økomelk til forbrukarane, men økotillegget får samdrifta sjølv om den ikkje er ferdig med å legge om til økologisk.


Årsaka til det siste er at ein ønskjer å oppmuntre bøndene til å produsere økologisk for å mette etterspørselen etter økoprodukt på den norske marknaden. Regjeringas målsetning er at 15 prosent av matproduksjonen skal vere økologisk innan 2015. I 2007 var 3,7 prosent av norsk jordbruksareal økologisk drive, og i dag er det over 2 000 økoprodusentar i Noreg, men tala stig ikkje merkbart. Når ein ny kjem til, forsvinn andre. Økonomien er ein viktig faktor. Økobøndene er ikkje idealistiske raddisar. Dei treng pengar på linje med alle andre.

Det økologiske kraftfôret er dyrare enn det konvensjonelle, og ein får mindre avling per areal. Difor får produsentane av økomelk rundt åtti øre ekstra per liter melk, femti kroner ekstra i tilskot per dekar mark, samt omleggingstilskot.


I Bondelagets studiehefte for landbrukspolitikk 2008 kan ein lese at økologisk landbruk blei etablert som eit korrektiv til det konvensjonelle landbruket. Mange bønder såg på dei økologiske bøndene som skjeggete, miljøfreaka mannfolk med busserull eller strikkejakke, og damer i lange skjørt med lilla skjerf som dreiv med mystiske gjeremål. Kuhorn vart grevne ned bak låven, og månefasar heller enn ver og vind, bestemte tidspunkt for såing.

Myten om økobonden kan ein med andre ord slenge på hylla, og erstatte med ord som merkevareorientert, inntektsbevisst, samt interessert i berekraftig matproduksjon. Med andre ord mykje det same som konvensjonelle bønder.


Det folk vil ha


Marknadsstrategiar ligg også til grunn for kvifor ein bør drive økologisk i Noreg.

-- Eg har hevda at om ikkje norske bønder greier å fylle etterspurnaden i marknaden, vil butikkjedane importere økoprodukt, og det er det ikkje økobøndene som taper på, men dei konvensjonelle. Eg føler det er større forståelse for dette no enn for kort tid sidan, også blant konvensjonelle. Vi må levere det markedet vil ha, og difor er det viktig at ein gjer økonomiske grep slik at folk legg om til økologisk.

Eggen Mundal meiner ein heller enn å konkurrere økologiske og konvensjonelle seg imellom, bør samarbeide om å marknadsføre norsk mat, og vil velge lokalprodusert mat framfor importert økologisk, uansett om den lokalproduserte maten er konvensjonell. Årsaka er at dei generelle kontrollordningane rundt matproduksjon i Noreg er såpass strenge at kvaliteten er høg både på økologiske og konvensjonelle produkt, samt at importert mat er transporter kloden rundt med dei utslepp dette medfører.


-- Det var ein gong ein kar som sa det at økologiske produkt er for sånne universitetsfolk, ein elite som har råd til å betale det ekstra det kostar å produsere økomat. Difor meinte han økobøndene ikkje skulle få meir støtte enn dei konvensjonelle, men økomat er ikkje berre for eliten lenger. Eg trur også at det har skjedd ei forandring i konvensjonelle bønders haldingar til økologiske. No er det ein lausare tone, og ein aksepterer at også økomat må ha ein plass.


Vegen er humpete og full av stein der den svingar seg mellom fjella opp til stølen. Her beitar økologiske og konvensjonelle kyr side om side mellom stein og bregner, utmarksbeita er fri for både kunstgjødsel og sprøytemidlar. På same måte går økologiske og konvensjonelle sauer som også beitar side om side. Eggen Mundal har eit rasjonelt forhald til å drive økologisk, og rasjonelt er ofte, men langt frå alltid, det same som byråkratisk papirkunnskap. Han poserer på bilete saman med ei konvensjonell ku.


Lokale tilhøve

-- På dagtid er bygda tom, då er her kun pensjonistar, så ein arbeidsplass i bygda er viktig, seier Ole Jakob Nedrebø, og Kjartan Åsnes tilføyer at det er viktig at bygda ser fin ut og ikkje gror att. Det er ikkje kjekt å køyre forbi når alt ligg brakk.


-- Kvifor driv de ikkje økologisk?

-- Ein må drive med det dei lokale tilhøva tilseier, og at dette blir framstilt som uvilje mot økologisk, irriterar meg. Her ute ved kysten er det verken klima eller jord til å drive økologisk, seier Nedrebø.


-- Vi måtte ha hatt mykje større areal til fôrdyrking, og jobba oss ihjel, men dei som driv økologisk får betre betalt enn oss, og det er det vel verdt. Vi må tilpasse oss det regelverket som er, konkluderar Åsnes.

Og marknaden.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Å halde foredrag for gubbar

Av og til må eg sei eg er ganske så lei av å halde foredrag. Du står framfor eit publikum, og skal snakke om at unge folk skal til bygda, og så sitter der hundretals, eller titals, menn og kvinner i alder femti seksti pluss og stirrer tomt på deg med armane i kors. Er det inspirerande? Nei. Det er svært lite inspirerande og svært kjedelig. Eg lurer av og til litt på kvifor ein har så mange konferanser. Folk møtes, stirrer på den som snakkar, skal liksom bli inspirert, og så skal ein gå heim og vere opplyst og glad og ha med seg nye og betre idear enn dei ein kom dit med. Gud, det er så kjedeleg å snakke til slike publikum. Du veit at mange av dei ikkje ein gong høyrer etter. Dei sit der, og er der, mest av alt for å få kake, ta seg ein fest, slenge drit, pule ei eller anna dame dei ikkje har pult før, og så dra heim til kjerringa. Det er vel eigentleg, summa summarum, det inntrykket eg har fått av kvifor ein arrangerer konferanser for distriktsutvikling. Eit hederlig unntak er Dyrøys