Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 27, 2009

Det er ein grunn til at folk ikkje vil bu på bygda. Bygd må reise seg mot by og forlange respekt!

Det er mykje vi må gape over i det offentlege rom. Vi må godta ei lang rekke vulgære aviskommentatorar som skriv og tenkjer i flokk, ei presse som plagar oss med sitt synkande nivå, og no også politikarar til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til ei privatisert steinalderutgava av velferdsstaten. Men verst av alt: Distrikts-Noreg må godta at Oslo og medieeliten i hovudstaden tilsynelatande ikkje ser ut til å forstå at mesteparten av folket i dette landet lever utanfor den berømte Ring 3. Blir skremt av å lese Firda Men problemet er også at folk i Distrikts-Noreg sjølve skaper eit taparbilete av seg sjølv. Eg les avisa Firda på eavis av den enkle årsaka at nettavisa firda.no i det siste har vore så full av pølsekøvold og lokale sportstriumfar at ein stakkar får lyst til å ringe inn ei klage til redaksjonen kvar einaste dag. Og det var då eg opna eavisa, som er ei elektronisk utgåve av papiravisa, at eg skjønte kvifor sakene eg her fann ikkje ligg fritt