Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 11, 2011

Og bakom synger skogene

Trygve Gulbranssen er ein mann som hittil har gått meg hus forbi. Eller hus forbi. Eg har visst at bøkene låg der. Eg har kjent til mannen. Eg har berre ikkje lese han. Difor las eg i jula. "Og bakom synger skogene", "Det blåser fra Dauingfjell" og "Ingen vei går utenom". Dette er fantastisk historisk drama med karakterar som eg sjeldan finn makan til. Stive, steile etterkomarar av høvdingætter lever i skogsbygda på garden Bjørndal ein stad på Østlandet seint på 1700-talet. Når dei svarte hingstane frå Bjørndal dundrar gjennom langs vegane mot byen med bjørneskinn, gyser folket i flatbygdene. Det ligg noko mørkt over skogsbygda i nord. Noko skremmande. Det ligg eit mørke over bøkene. Folk lever i spennet mellom liv og død, og begge er alltid tett innpå. Folk blir ryggstukne, dei vert tekne av steinsprang, troll herjar i steinurene og gjenferd ferdast langs vegane. Bjørnar riv hundar og folk i filler, segner og tussar følgjer dei, hestar vert tett av i