Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 13, 2010

Svarte-Mathilda

Eg har lese barneboka "Svarte-Mathilda" frå Samlaget. Ettersom eg er relativt lettskremt, er det ikkje særlig lurt å sette seg til å lese ei slik skummel bok, for Svarte-Mathilda er ganske skummel, sjølv om det er ei barnebok. Mulig eg er ei pingle, men ok. Det begynner ganske brått på. Vi vert så og sei kasta med stor K, inn i handlinga etter ein kjapp intro. Kasta for kjapt, føler eg. Eg blei fullstendig tatt på senga. Brått var vi midt i blod og gørr og ting som mildt sagt ikkje skjer vanlegvis, med mindre det er noko overnaturleg tilstades vel og merke. Spenningskurven vart for kjapp, eg følte meg snytt for den snikande følelsen av at noko skal skje. Men muligens er det slik i barnebøker at ting må skje med ein gong, ellers hiv ein boka vekk. Ungar er kravstore lesarar. Likevel. Boka var spennande. Ein haug lause trådar blir antyda løysingar på, men langt frå løyst og dei heng att på slutten og viftar i vinden. Det er litt sånn japansk, ganske lite hollywood. Ein skal