Gå til hovedinnhold

Svarte-Mathilda

Eg har lese barneboka "Svarte-Mathilda" frå Samlaget.

Ettersom eg er relativt lettskremt, er det ikkje særlig lurt å sette seg til å lese ei slik skummel bok, for Svarte-Mathilda er ganske skummel, sjølv om det er ei barnebok. Mulig eg er ei pingle, men ok.

Det begynner ganske brått på. Vi vert så og sei kasta med stor K, inn i handlinga etter ein kjapp intro. Kasta for kjapt, føler eg. Eg blei fullstendig tatt på senga. Brått var vi midt i blod og gørr og ting som mildt sagt ikkje skjer vanlegvis, med mindre det er noko overnaturleg tilstades vel og merke. Spenningskurven vart for kjapp, eg følte meg snytt for den snikande følelsen av at noko skal skje. Men muligens er det slik i barnebøker at ting må skje med ein gong, ellers hiv ein boka vekk. Ungar er kravstore lesarar.

Likevel. Boka var spennande. Ein haug lause trådar blir antyda løysingar på, men langt frå løyst og dei heng att på slutten og viftar i vinden. Det er litt sånn japansk, ganske lite hollywood. Ein skal liksom nøste opp. Greit nok, eg trur forfattaren har forsøkt, men ikkje heilt lukkast. Eventuelt er det eg som les med lupe, tar opp alle lause trådar og ventar og ventar og ventar på at dei skal bli oppklart. Eventuelt er eg for normstyrt i mi lesing. Kven veit.

Men på slutten kjem det brått inn eit spøkelse eg aldri før har hørt om, eller som ikkje har vore presentert for meg i boka før, og eg føler meg lurt. Skal ein person som før har vore "ikkje der", brått bli så sentral for løysinga? Det skurrar for meg. Eg kjøper det ikkje. Eg syns det blir for tamt. Eg vil ha the real bitsch der!! Men ho er vekk, og kvar er ho? Vi får aldri vite kvar den mest onde av dei alle tok vegen.

Og løysinga, eller måten ein får bort dette utysket i spegelen på, no skal eg ikkje avsløre for masse, er heller ikkje optimal. Tatt ut av lufta, virkar tilfeldig: no må vi få avslutta boka. Eg tek meg i å bli skuffa fordi dette var så tæmt. Og kvifor var utysket i spegelen i første omgang blitt utyske? Når vi finn ut kven det er, forstår ein kort sagt ikkje kvifor. Logikken er broten, borte. Kvifor skal ei lita jente som sjølv er så snill, bli så ondskapsfull? Kvar blir stemora av?

Det stemmer ikkje. Og til slutt veit vi ikkje kvifor det blei som det blei, og det føles litt rart, men boka er skrekkelig skummel likevel. Anbefales for mørkredde. De kjem til å skjelve lenge og vel.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...