Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 27, 2008

Styrk lokaldemokratiet

Tenketanken (som er nedsett for å legge ein plan for korleis betre omdømet til Sogn og Fjordane) har lagt fram ein rotete rapport. Gi oss heller gode lokalpolitikarar. (kommentaren stod på trykk i Firdas lørdagsutgave 26.januar 2008 i den faste kommentarspalten Arena der eg er spaltist). I lokaldemokratiet skiftast politikarane hyppig. Hyppig utskifting gir tap av erfaring, opparbeidd nettverk og politisk kompetanse, blant anna lobbykompetansen som trengs når Sogn og Fjordane skal få gjennomslag for krav om å få del i ressursane på kystnær sokkel. Ved å betre vilkåra for dei som tek på seg lokalpolitiske verv, kunne ein få ein sterkare lokalpolitisk kontinutet. Mindre gjennomtrekk vil git eit meir rutinert og robust lokalpolitisk styre. Godt lokalt styre kan i sin tur styrke lokalsamfunna, og gjere distrikta til meir attraktive stader å bu. Og no snakkar vi om marknadsføring. Uansett politisk styre. Stadig færre vil flytte frå bygda til byane, kort sagt fordi dei store flyttest