Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 4, 2012

Kjøttfrie dager - forbrukarbløffen om kjøt

..heller enn å bremse opp, slå eit slag for dyrevelferd og kvalitet, pøsar landbrukssektoren på med meir søppelkylling, meir betongpurker og meir kalkun med hofteleddysplasi. På same tid klagar ein over dårleg betaling. Men lat oss vere litt ærlege med oss sjølv: kva kan ein i grunn vente seg av betaling for industrielle masseprodukt? Trykt i Nationen som gjestespalte 4.oktober 2012 Her om dagen fekk eg ei bok i posten. Kjøttfrie dager er skriven av journalistane Hege Ulstein og Yngve Ekern, som forøvrig også er eit ektepar. Ekern traff eg på Dyreetikkonferansen i Oslo 21.september der han sat i eit mannstungt panel og debatterte Hvordan formidle dyreetikk – fra gård til gaffel . Professor Runar Døving hadde tidlegare halde eit innlegg om Å produsere et dyr , og påstod at å avlive eit kjæledyr er som eit mord å rekne. Virkeligheten er ein stad eg trivast til dels ganske godt i, og Døving var i ferd med å ta oss alle ut på viddene. Så kom den energiske Eker