Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 16, 2011

Kvifor blir enkelte bøker gitt ut? Kvifor gir folk ut bøker på små forlag? Og kvifor er så mange baksidetekstar så kjedelege?

Eg les ganske mykje. Eg les ganske variert, unntatt poesi. Det greier eg ikkje. Kanskje fordi poesi går så til dei grader rundt grauten. Ingenting er rett på sak, unntatt Beat-poesien og Stor stygge dikt, boka til Ruth Lillegraven som kom for nokre år tilbake. Dei er rett på sak. Det kan eg like. Når du skriv og skal fange lesaren er det tre moment som må kome i denne rekkefølgen: Handling Dialog Beskrivelsar. Då kan du mekke gode drivande tekstar med trøkk. Dette kan eg like. Den dårlegaste boka eg nokon sinne har lese, den mest meiningslause, svevande pjattete fjortisnivåprega var vel debyboka til Janne Camilla Lyster. Den vart forøvrig brukt som eksempel på kor gale det stod til med norsk samtidslitteratur. Forståeleg. Ei anna bok eg har spekulert ein del på, er Fange 59.Taterpige av Aina Basso, Samlaget 2010. Det var ei bok med totalt flate karakterar i første halvdel. I andre halvdel tek boka seg betrakteleg opp. Denne boka har irritert meg. Kvifor? Fordi den er så ekstr