Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 12, 2010

Knock out på Tine i dagens Dagbladet

LYG TINE? spør Dagbladet. Her er mitt svar. Tines svar er det same gamle informasjonsskrivet som dei har pøst ut i fleire medier, og som også dokumenterer det eg skriv her under. Det fine er at Tine viser til nøyaktig same statestikk som meg sjølv;) Og ja, Tine lyg. Mitt innlegg: Eg er veldig usikker på om Tine lyg bevisst, har behandla lett tilgjengelige fakta med ein harelabb eller rett og slett har sett bort frå fakta. Tine påstår dei har solid faktagrunnlag. Dette har dei derimot ikkje brukt i utforminga av reklamekampanjen. Då hadde eg ikkje vore i stand til å avdekke ei rekke feil i løpet av fem minutt. Tine påstår på melkekartongar og i avisreklamer at alle Tines 242 000 melkekyr har åtte veker sommarferie, altså åtte veker på beite. Dette er de fakto løgn. Det er ikkje eit krav at konvensjonelle kyr som lever i lausdriftsfjøs (fjøs der kyrne går lause, ikkje står på bås) skal ut på beite. Nye tal, som Tine sjølv har gitt meg, viser at 29 prosent av desse heller aldri slepp u