Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 29, 2013

Rekka av gullkjolekledde og kjedepynta ordførarar under delfinalane i Melodi Grand Prix er biletet av indianarane som trur glasperler er ekte.

Perler for indianarar Trykt i kortversjon i Bergens Tidende 30.januar 2012  Les også mitt essay om markedsføring av Sogn og Fjordane. Den store imagestrabasen, ein analyse av fylkets marknadsføringstiltak. I helga var det MGP delfinale i Florø. Ein skikkeleg lokal folkefest. Finansiert, ikkje av berre NRK, men av Sogn og Fjordane fylkeskommune med 600 000 kroner, samt Flora kommune med 400 000. Det er tredje år på rad at fylkeskommunen går inn med støtte til arrangering av lokal delfinale. Første året med 900 000 og andre året med 750 000. No i år altså 600 000. Sogn og Fjordane er den einaste fylkeskommunen som bevilgar pengar til arrangering av ein delfinale.  Pengane er i år henta frå eit såkalla bufferfond, sparekontoen for fylkeskommunen. Det er ikkje svimlande summar det er snakk om. Dette er begrunninga for løyvinga som er problematisk. Ei viktig forklaring på kvifor dei bevilgar pengar frå fylkeskommunen, er nemleg at delfinalen visstnok gir markedsføringsve