Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 24, 2012

Fjørfereklame fordekt 
som undervisning

Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer reklame­materiale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen.  Kronikken står på trykk i Dagsavisen 24.september 2012, og er basert på eit lengre essay i tidsskriftet PROSAs siste utgave om bøker om mat, landbruk og dyr for barn. Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom for øvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og i Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka. Les også: Du har blitt lurt. Bur for høns er ikkje forbode i Norge Den stolte hane er i dag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå burhøns