Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2008

Eg er ein politisk tåkedott

Kommentar eg fant som eg har skrive i Nationen. Eg las ein FOKUS-kommentar i Klassekampen søndag 27.april av Trond Andresen under overskrifta "Håndverkerne. Tilhører du skravleklassen?" Han skriv blant anna dette: "Tenk deg ei vannrett linje, hvor vi skal plasere yrkesgrupper etter deres «mentalitet». (...) Jeg vil likevel hevde at det er visse typiske trekk som finnes, og at disse kan forklares. I venstre ende ikke tolk dette som politisk venstre) setter vi et merke for snekkere, rørleggere og elektrikere. (...) De er alle håndverkere fordi de behersker en forholdsvis krevende ferdighet, og den utøver de i sin jobb. De ser resultatet av sin innsats (...) Så beveger vi oss mot den andre enden av linja. Etter hvert dukker de opp, yrkesgruppene hvis innsats ikke er er lett målbar for andre.Etter hvert dukker de opp, yrkesgruppene hvis innsats ikke er er lett målbar for andre. Disse behersker redskaper som tastatur, snakketøy og powerpoint." Mange let til å tru

Den ubrukelege nynorsken 4

Debatten går på Firda-bloggen i nettforumet og her på Firda-bloggen. Eg for min del fortsetter å argumenter for at ein må høyre på praktiske utfordringar i bruken av nynorsk i media. Det er dette eg har mi erfaring frå, og eg meiner at problema vi møter på som skrivande journalistar ikkje kan overhøyrast. Her er nokre klipp frå mine innspel i Firda-debatten: Joakim skriv: “Det er ikkje spesielt imponerande når dei som skal vere eliten av språkbrukarar klagar seg over at nivået på sitt eige fagfelt er for høgt. Då spør eg meg; kan det vere nivået på journalistane som er for lågt?” Godt spørsmål. Rettskriving er eit generelt problem i aviser, og med kutt i økonomiske rammevilkår for redaksjonane, er det ofte korrekturlesarane som har blitt kutta bort. Dette ser ein godt på norske aviser. Dessverre. Om nivået på journalistane er for lågt. Eg vil sei at nokre journalistar kan ikkje skrive og har dårlig språk, akkurat som at enkelte lærarar er dårlege til å undervise. Det er ei vanle

Påfugl som sjekker damer

Påfugler er rimelig harde sjekkere. Dei brisker seg skikkelig for damene. Her har definitivt gutta noko å lære. Men eg meiner ikkje at gutta skal begynne å vifte så hardt med stjerten at ein høyrer det skikkelig knake i fjøra. Det gjer nemlig påfuglen. Påfuglens framside. Påfuglens bakside. Dama får mykje merksemd, det trur eg ho liker. Ho stikker ikkje av men henger i nærheten. Det kan tyde på interesse. Han er rimelig god til å vise interesse, men han lar vere å feks knipe ho i ræva eller gjere andre banale ting alla "eg har sett deg før"-utsagn. Han driver heller ikkje å snakker ho i senk om kjedelige ting som bensinprisar. Dessuten kler han seg pent og driver ikkje å sender sms heile døgnet. NÅr det er på tide å ete, kutter han ut sjekkinga. Der møtte påfuglen ein rival. Sjå til høgre i biletet. Det er ein kyllingpåfugl som driver å prøver seg på dama i vinduskarmen. Dødsliten stjert. Den her påfuglungen er litt over eit halvt år gammal og kan ikkje matche sin far.

Vår er vakkert.

Vårens vakraste eventyr? Lam er ærlig talt ganske stygge og klissete når dei blir fødde, men det kjem seg etterkvart. Eg og Hundulf går tur i gamleveien. Eg las i Aftenposten idag at folk har svært stereotype oppfatningar av bygda som ein traust stad utanfor allfarveg der du iallefall ikkje kan bu om du er ung og innovativ. Dette er svært feil. Er det noko eg er imponert over, er det blant anna tiltakslysta i mi eiga heimbygd, Bygstad, der det både er fabelaktig natur og fabelaktig tiltakslyst. Her har vi Tønna, Åmot gard, Kårstad bruk, Vikingfjorden og Vikinglam og alt mellom himmel og jord. No skal vi til og med få skywalk ved fjorden. Grantre driv å veks i vei. Her er ekstremt masse skog over alt. Og eg for min del likar å sole meg i granskog. Blir det for varmt kan ein henge av seg gensarar og jakker på tre langs vegen så slepp ein dra på det. Her er nemleg svært bratt. Stubber i haugevis. I går las eg i Firda at dei driv å høgg 400 år gamle furuer på Sande . Dei var hogstklare

Fylkeskommunen for slappe med nynorsk

Eg har opna bloggen min for kommentarer,. så kommenter gjerne! men sakleg. Eg les i dag ei sak på firda.no : Her står blant anna: "Ei undersøking Utdanningsdirektoratet har gjort, viser at sju fylkeskommunar ikkje kontrollerer at bøkene dei kjøper inn, ligg føre på begge målformer. " Dette er kort sagt slurv! Sogn og Fjordane fylkeskommune bør skjerpe seg dersom dette stemmer. MEN eg trur ikkje dette løyser problemet sjølv om enkelte vel vil klø seg i skjegget og skulde på fylket. Vi må gjere store endringar på det nynorske skriftspråket også. Eg mottar interessante og lange mail frå både professorar, lærarar og andre som meiner debatten om nynorsken er viktig å ta, og som viser til praktisk erfaring som underbygger problemet. Kontornissane på fylkeskommunen kan gjere jobben sin, deretter kan nynorskgeneralane begynne å høyre på oss samfunnsengasjerte folk med peiling på kva vi snakkar om, og så kanskje vi får ei løysing på nynorskdilemmaet. MEN det spørs vel om nynorskge

Den ubrukelege nynorsken 3

Ein anna ting eg tenkte på, er at nynorskfolket ofte trekk fram folk i NRK som store førebilete for språkbukarar på nynorsk, medan dei rakkarned på oss som er i avis og beskuldar oss for å dumpe språket fordi vivil ha ei karriere. Det er svært motstridande,men bekreftar også minpåstand om at det er skriftspråket som er problemet. Vi som skriv bokmål snakkar jo oftast dialekt eller ganske nynorsknært. Vi klarer å snakke men ikkje nødvendigvis å skrive korrekt nynorsk. Dei som snakkar på lufta i NRK slepp tenke på rettskrivinga, og det mange ikkje veit, er at dei fleire gonger les opp frå bokmålsmanus. Det påpeika blant anna eit av ankera ein gong eg intervjua han. Eg spør meg igjen: kor mykje veit nynorskgeneralane om det praktiske liv?? Eg har motteke fleire mail og sms etter innlegget om nynorsk (sjå Den ubrukelege nynorsken 2 to bloggpostar lenger nede her). Blant anna frå ein professor som skriv dette: " alminnelige mennesker velger ikke skriftspråk ut fra ideologiske eller mo

Den ubrukelege nynorsken, 2

Av Anne Viken, debattinnlegg som stod på trykk i Aftenposten 22.april 2008. Eg las kronikken Farvel til nynorsken av forfattar og journalistBrynjulf Jung Tjønn, i Aftepnosten onsdag. Eg er sjølv journalist itjueåra, frå nynorsklandet Sunnfjord med nynorsk som hovudmål i alleår, og har den same erfaringa med nynorsk som Jung Tjønn: eg har lengeprøvd å skrive nynorsk som journalist men har lagt det vekk, bortsettfrå ved sjeldne høve. Nynorsken tek, som Jung Tjønn påpeikar, formykje tid og hovudbry. Difor er det viktig at dei av oss som har skriftspråket som praktiskverktøy i kvardagen, journalistar og forfattarar, og som seier frå omkor problematisk nynorsken er i bruk. Det er trass alt vi som ernynorsk i det offentlege rom, eventuelt som vel bort nynorsk i detoffentlege rom. Og jo meir vanskeleg språket er, jo fleire vel detbort og jo mindre nynorsk ser ein i både media og i bøker.Men problemet er at nynorskforkjemparane, som ser ut til å befinne segpå ein planet langt frå verkeleghei

Tilbake til naturen

zdweupeI dag sat eg ute i sola og las aviser som vanleg. Då kom eg over ein artikkel i dagens Vårt Land . Vårt Land er ei av Noregs få meiningsberande aviser der ein finn stoff som både engasjerer og provoserer. Det kan eg like. Her er nokre klipp frå ei av sakene. Det handlar om å vere tilstades i sitt eige liv. Eg har ofte lurt på kor mykje folk eigentleg er til stades. Er det å vere tilstades når du føler eit jævla stress på kroppen? Eg føler folk stressar så himla. Jobbar så lange dagar, netter osb. Mange strevar og les og studerar og jobbar. Greit nok, det er gøy, men kvar går grensa for når stresset tar over for tilstedeværelsen? Vi har godt av å av og til bli minna om banale sanningar som at vi må vere tilstade i eigne liv, kva det no enn måtte bety. Intensitet i nuet kanskje? Er det det det handlar om? Det handlar iallefall ikkje om stress. Eg tenker eg er tilstades no om våren. Fuglane syng og det er varmt og vakkert. Og eg har oppdaga, på mine gamle dager, at eg og Thor Hey

Eg vil ut, møte folk og drikke kaffe

Eg solar meg på altanen kvar dag i dette fantastiske april-veret langt ute på bygda på Vestlandet, nærmare bestemt Bygstad i Sunnfjord. Det er kort sagt fabelaktig. Det passar meg fint å kome meg vekk frå innestengte Oslo-kontor, pc-lys og åpent landskap der telefonane ringer i eitt sett, mobilen piper og ein må lese nettaviser raskare enn lynet for å halde seg oppdatert. Eg er journalist. Og den som innbiller seg at dette alltid er eit eksklusivt yrke må tru om att. JOda det er kjempekult og gøy og alt det der, men det er og blir for min del i min noverande jobb ein kontorjobb og eg er litt (DRITT)lei kontorjobbing. Eg har lyst til å bli oppdagelsesreisande, ikkje nødvendigvis Thor Heyerdahl 2, men meir ein utegåande journalist som drar omkring og møter vanlege folk, ikkje berre forskarar, politikarar og andre samfunnstoppar. Sistnevnte er interessante i massevis, ikkje misforstå meg, men av og til savnar eg å møte folk der folk lever, heimelaga kaker med ein kopp kaffe og det å par

Den ubrukelege nynorsken

Journalist og forfattar Brynjulf Jung Tjønn frå Sogn skreiv i ein kronikk i Aftenposten onsdag ( eg siterer direkte eit utdrag av kronikken her:) "For eg veit snart ikkje bak og fram eller opp og ned på nynorsken. Eg forstår meg ikkje lengre på han. Etter fleire korrekturrundar sa forlagsredaktøren min at han vert heilt svimmel av dette. Svimmel vert eg også. Tittelen «Lyden av noen som dør» er eit godt døme på kor vanskeleg det er å forhalde seg til nynorsk. Dei fleste vil tru det er ein bokmålstittel. Men det er faktisk lov til å skrive det slik på nynorsk også." Jung fortset: "Når nynorsk er så vanskeleg for meg som lever av språket, som journalist og forfattar, har eg stor forståing for at norske skuleungdom kan «hate» nynorsken. For det første er det vanskeleg å lære seg nynorsk, for det andre er det eit forvirrande språk å forhalde seg til. Kva med ungdom med dysleksi? Eller innvandrarar? For dei må nynorsk vere eit mareritt. Så var det slik det skulle bli? Har n

Vår i Bygstad: å hente hest frå beite

bi Alle foto. Anne Viken, 17.april 2008, Hjelmeland i Bygstad. Hesten er min og den heiter Lady Anvil.

Vår i Bygstad

alle foto: Anne Viken 17.april 2008, Hjelmeland i Bygstad.

Vår og kritkk av ukritisk bruk av anonyme kjelder

FOTO: Biletet viser ein kalv. Det kan alle sjå. Årsaka til at den passer her, er at eg befinn meg heime i Bygstad og her har fattern ei heil mengde med kyr og kalvar og andre firbeinte dyr. Fotograf er meg. No har det seg sånn at eg har klart å pådra meg lungebetennelse av alle ting. Heilt unødvendig spør du meg, sjølvsagt er det unødvendig. Eg har på ingen måte lyst å gå sjuk i vekesvis. Kven har vel tid til det i vårt prestasjonsbaserte samfunn der du helst skal levere fleire kubikkmeter med resultat, eks antall sosiale kveldar og eit meget vellykka kjærleiksliv på band kvar einaste veke. Så her sit eg då, tiltakslaus og steiker i solveggen iført tjukk genser, skjerf, caps og svære solbriller medan eg les Dagens Næringsliv, Firda og ei rekke bøker eg ikkje tørr nevne namn på av hensyn til mitt celebre rykte som journalist med god smak kva angår litteratur. Så korleis veit ein at ein har lungebetennelse. Eg for min del var sjaber og vart meir og meir sjaber og sjangla litt, begynte å

Vil du høste dine eigne grønsaker?

då er andelslandbruk muligens noko for deg. Det kostar 1500 kr for ein halv andel, og det må vel passe fint for ein supersingle person som meg som liker urter og den slags, som til og med kan å bruke urter, samt som liker meg på landet.

Journalister kan ikkje blogge

kan vi lese på journalisten.no . Årsaka er : – De fleste journalister har tilbrakt tiår med å bli kvitt personligheten sin, nå er de nødt til å finne den igjen. Det er ikke enkelt, mener Tinworth, som selv har blogget siden 2001. Hm. Kanskje det stemmer. Mange journalistar eg kjenner seier at dei har blitt arbeidere, dvs dei jobber avstad med tekst, mekker saker som så vert pusha på nett eller på papir og så dumpa ut på markedet. Akkurat som om dei baka brød til ein konsument. Da er penger og det å få jobben gjort målet. Men jobben blir jo gjort bra da. Det skal dei ha, sjølv om dei kaller seg arbeidere.. Eg for min del føler at eg har ikkje heilt nådd dette punktet enno. Eg har ikkje begynt å kalle meg sjølv for arbeider. Eg leverer ikkje på samleband. Og har i første omgang personligheten min intakt sjølv om den vel forandrar seg, og kva kan ein sei er avsliping, forandring, og kva kan ein sei at er "fjerning av personlighet?" Eg tviler vel seriøst på att eg er typen til

Falne engler- Varg Veum på kino

Eg er ein ukritisk fan av Varg Veum , og uansett kva Veum foretar seg, anten det er i bok- eller filmform, er eg begeistra. I dag var eg på kino og såg Falne engler. Det var absolutt verdt det, og sidan eg ikkje har lese boka, vart eg like skremt og overraska kvar gong ei ny dame vart tatt og hengt opp med renneløkka rundt halsen. Det høyrer med til historia at eg er ein av dei som rykker tilbake i setet, holder meg for øyra og tidvis også augene når eg er på kino. Eg såg også den forrige Varg Veum-filmen, og var svært begeistra. Dessuten digga eg Dødens drabanter , Gunnar Staalesens siste bok. Handlinga var blant anna lagt til Førde, og til Dalsfjorden og Bygstad der eg kjem frå. Då blir det unektelig litt meir artig å lese, Staalesen kjenner området ned på detaljnivå. Bergenstriologien 1900 Morgenrød, 1950 High Noon og 1999 Aftensang gjekk også rett heim hos meg, samt tusenvis av andre. Men på kriminelle dagar i Førde i 2006 sa Staalesen at han aldri meir skulle skrive ein historis

Sexy bønder

Vi som sitter på kontor blant kontorrottemenn, kan trenge å kikke på litt sexy bønder. Eg fant den her linken i mitt daglige sveip over norske nyhetsavisers nettsider, og desse bileta av lettkledde bønder har, i følge sikre kilder på desken i Nationen, ført til ekstrem auke i antal treff på Nationens nettside. Kanskje ikkje så rart. (bildet er knigga fra Nationen.no) Les om lettkledde bonde-ambassadører Jaja, når til og med Nationen har begynt å bruke kropp for å tiltrekke seg lesarar, kva blir det neste? At IT-blader begynner med "Sexy IT-grundere" (dersom det finnes, eg har mine store tvil), eller at avisene begynner med sexy redaktører. Det siste kan potensielt finnes ein del av, men det varierer jo mellom redaksjonene;) hihi. Kva med kalender med "Sexy deskmedarbeidere" som poserer i såpeskum framfor pcen med penn i handa medan dei henger opp sidene til morgondagens avis, eller "Sexy professorer", eventuelt "Hotte forfattere". Det hadde kun