Gå til hovedinnhold

Den ubrukelege nynorsken, 2

Av Anne Viken, debattinnlegg som stod på trykk i Aftenposten 22.april 2008.
Eg las kronikken Farvel til nynorsken av forfattar og journalistBrynjulf Jung Tjønn, i Aftepnosten onsdag. Eg er sjølv journalist itjueåra, frå nynorsklandet Sunnfjord med nynorsk som hovudmål i alleår, og har den same erfaringa med nynorsk som Jung Tjønn: eg har lengeprøvd å skrive nynorsk som journalist men har lagt det vekk, bortsettfrå ved sjeldne høve. Nynorsken tek, som Jung Tjønn påpeikar, formykje tid og hovudbry.
Difor er det viktig at dei av oss som har skriftspråket som praktiskverktøy i kvardagen, journalistar og forfattarar, og som seier frå omkor problematisk nynorsken er i bruk. Det er trass alt vi som ernynorsk i det offentlege rom, eventuelt som vel bort nynorsk i detoffentlege rom. Og jo meir vanskeleg språket er, jo fleire vel detbort og jo mindre nynorsk ser ein i både media og i bøker.Men problemet er at nynorskforkjemparane, som ser ut til å befinne segpå ein planet langt frå verkelegheita, slår tilbake på utspel som JungTjønns med svært usakleg argumentasjon.
Her er eit godt eksempel: "Einsom skal opp og fram i Oslo, går ikkje over til byens rotfaste språk.I hovudstaden kuttar ein røter", skreiv Olav H Aarestad i eitlesarinnlegg i etterkant av kronikken.I fjor gjekk eg ut i eit essay i Syn og Segn, samt kronikkar i eirekke aviser, der eg hevda nynorsk er for krøkkete til å vere eit godtreiskap i det daglege. Eksempelvis er nokre–else ord forbode medan andre er lov. Det er, som Jung Tjønn påpeikar,ikkje lett å vite fram og bak på nynorsk skriftspråk.
Når ein då sitpå ein travel nyhetsdesk i ei avis med tidleg deadline, vert nynorsken kort sagt eit ubrukeleg reiskap. Ein har ikkje tid til å sitte åvrenge og vri hovud og ordlister i jakt på kva som er lov og ikkjelov, stavingar og så bortetter.Dette handlar altså om eit praktis brukarproblem, ikkje om identitetsfråskriving. Det handlar om at språket kort sagt ikkje er anvendeleg dersom du ønsker å skrive godt og korrekt norsk. I etterkant av mitt essay i Syn og Segn i fjor sommar vart eg kontaktaav ei rekke journalistar som erfarer nøyaktig det same som meg og Jung Tjønn.
Dei har hatt nynorsk som hovudmål heile sitt liv, men når detkjem til stykket, har dei kort sagt ikkje tid til å skrive språketkorrekt. Og sidan det for dei fleste av oss er viktigare at vi fårsagt det vi vil sei, enn at vi seier det på bokmål eller nynorsk,byter desse til bokmål.Og dette er journalistar som kan velge fritt mellom nynorsk og bokmål. Ein journalist eg kjenner skriv nynorsk når han har god tid og bokmålnår han har det travelt. Det fortel ein heil del om praktiske problem.
Den dagen gledar eg meg til då vi nynorskbrukarar som byter til bokmålvert tatt på alvor, ikkje berre avfeid med billeg retorikk alla: Ja devil opp og fram, de unge, så då dumpar språket og kuttar røter". Deter på tide å vakne frå måltåka. Vi treng eit språk vi kan bruke, ikkjetullprat om identitet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Når den døde bestemora di spring etter deg på alle fire

Igår las eg den første barneboka eg har lese på lenge. Den handla om eit spøkelse, trudde eg, men det viste seg at det var eit romvesen. Det handla rett og slett om eit romvesen som sat fast i eit romskip nedi jorda under ei gran ute i skogen etter å ha krasja i ein skogbrann. Det vart heile tida hinta til at dette skumle sat fast, så eg tenkte det var ein vampyr som sat fast i ei kiste (Den vesle vampyren), eller eit lik eller noko som var levande begravd (murt inn i veggen). Så eg sat da å vente på ein vampyr, ein varulv eller eit realt spøkelse. Potensielt ein kjekk Twilight-type. Men no kjem det verste av alt (Eksorsisten). Vesenet tar knekken på bestemora medan jenta ser på. Bestemora slenger seg hit og dit i senga og blod renner og hovud sprekk. Og så kryp vesenet inn i den døde bestemora til hovedpersonen og får denne døde bestemorskroppen til å drive å springe etter hovedpersonen. Det er det verste eg har lese på lenge. Beinpiper og innmat og blod og springande døde bestemødre

Dødsdrift blant skrivande menneske

Korleis bli eit skrivande menneske: Du er ikkje så spesiell som du trur at du er, og om du ikkje jobbar hardt, kan du hive talentet ditt på båten. (Kommentaren stod på trykk i Dag og Tid 28.november). Tirsdag (25.november) var det litteraturdebatt på utestaden Blå i Oslo: " Litteratur på Blå har invitert en forfatter, en forelegger og en forfatterskolelærer for å snakke om forskjellige strategier for å bli et skrivende menneske. Går du med en spirende forfatter i magen, bør du få med deg denne kvelden." Vi som av ulike årsaker er interessert i litteratur, møtte opp, og lokalet vart etterkvart smekk fullt. Dagen etter skreiv ei venninne til meg: "Jeg fikk egentlig fullstendig angst da jeg kom på Blå i går. Det er jo akkurat som å se seg selv klonet hundre ganger." Det er ein skummel følelse å sjå seg sjølv sugd inn i den kulturelle undergrunnen, ned i eit miljø som i stor grad kretsar rundt seg sjølv og sin eigen akse, som tilber og dyrkar seg sjølv, men som ogs

Frå motkultur til mainstream medkultur

Etter at lesarbrevet mitt « Imageproblemet Sogn og Fjordane » stod på trykk i Firda 26. februar 2007, gjekk debatten om imaget til fylket heit i fleire månader. Sidan den gong har Sogn og Fjordane hatt næringslivsmesser i Noregs tre største byar kvart år, gitt ut eit reklamebilag for seg sjølv i Aftenposten 27. januar 2009, og Førde har fått tenketanken Førde Framover , for å nemne noko. Den skandaleomsuste Vest Tank-ramma Gulen kommune har tatt omdømebygging inn i fireårsplanen sin. Eg seier ikkje at dette har noko med bunadbrenning å gjere. Eg berre seier at det har skjedd. Det er bra, og fordi det er bra, er eg på den fjordomsuste næringslivsmessa denne kalde tysdagskvelden. Og spørsmålet som kretsar rundt i hovudet mitt, er dette: Kva vil Sogn og Fjordane vere? Imagebygging er vanskelige greier. Dette har Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) skjønt. No tilbyr dei omdømeskule for norske kommunar som slit med omdømet, og for å gi oss litt bakteppe for kva KRD legg i omdømeb