Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 22, 2008

Den ubrukelege nynorsken, 2

Av Anne Viken, debattinnlegg som stod på trykk i Aftenposten 22.april 2008. Eg las kronikken Farvel til nynorsken av forfattar og journalistBrynjulf Jung Tjønn, i Aftepnosten onsdag. Eg er sjølv journalist itjueåra, frå nynorsklandet Sunnfjord med nynorsk som hovudmål i alleår, og har den same erfaringa med nynorsk som Jung Tjønn: eg har lengeprøvd å skrive nynorsk som journalist men har lagt det vekk, bortsettfrå ved sjeldne høve. Nynorsken tek, som Jung Tjønn påpeikar, formykje tid og hovudbry. Difor er det viktig at dei av oss som har skriftspråket som praktiskverktøy i kvardagen, journalistar og forfattarar, og som seier frå omkor problematisk nynorsken er i bruk. Det er trass alt vi som ernynorsk i det offentlege rom, eventuelt som vel bort nynorsk i detoffentlege rom. Og jo meir vanskeleg språket er, jo fleire vel detbort og jo mindre nynorsk ser ein i både media og i bøker.Men problemet er at nynorskforkjemparane, som ser ut til å befinne segpå ein planet langt frå verkeleghei