Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra august 27, 2010

lurer på kvifor Morgonbladet vel Siri Martinsen til å skrive om kjøt og landbruk?

Eg har respekt for Siri Martinsens argumentasjon mot å ete dyr, men eg forstår ikkje kva Siri Martinsen har å gjere i ein debatt som skal lede fram til noko. Det er jo ikkje akkurat snakk om at folk kjem til å slutte å ete dyr. Martinsens synspunkt er heilt ok, men det er ingen fagmiljø som tek Martinsen på alvor, og hennar målsetning er så urealistisk at det blir uinteressant, men i sommar har ho skrive ein serie artiklar i Morgonbladet om dyr og matproduksjon og nei til kjøt og det som ho alltid skriv: gjentek seg sjølv til det kjedsommelige. Det er difor interessant å vite kvifor Morgenbladet vel å bruke så mykje spalteplass på dama. Den medielogiske konklusjonen ein kan trekke, er at det har vore sommar og agurktid, og mat er eit enkelt tema å sparke opp litt reaksjonar rundt, spesielt når ein har ein ekstremitisk og marginal skribent, som Martinsen jo er. Det er eit enkelt medielogisk argument, men det er vanskelig å forstå at Morgenbladet, som ønsker å halde eit høgt nivå, vel Ma

Myter om småskala landbruk og verdien av turistargumentet i kraftutbyggingsdebatten

eg tenkte innta eit distriktsperspektiv på fleire myter og problemstillingar som eg meiner heng saman, og tenkte snakke om myter rundt distrikts-Norge, myter som det står sterke interesser bak å oppretthalde og som ikkje nødvendigvis er til distrikts-Norges beste. Ei forvaltning av distrikts-Norge krev kunnskap og kompetanse, men ofte ser det ut til at ein legg meir vekt på myter enn fakta i forvaltningen av norske utkantstrøk. Eg vil ta opp fleire her med fokus på kraftutbygging og landbruk. Eg er utdanna dyrlege i Norge der vi alle er hjernevaska til å tru at Norge er verdas beste land for husdyr og produksjon av mat. Ingen tvil om at dette langt på veg er bullshit, tenker eg. Det er ikkje berre overgangen frå livet som journalist og skribent til livet som veterinär som er stort. Skilnadane på norsk og svensk landbruk er store. Langt större enn venta. Eg hadde kanskje håpa å finne ut at norsk er best, men må diverre sei at det ikkje alltid stemmer. Frå norske deltidsbönder viss vikti