Gå til hovedinnhold

lurer på kvifor Morgonbladet vel Siri Martinsen til å skrive om kjøt og landbruk?

Eg har respekt for Siri Martinsens argumentasjon mot å ete dyr, men eg forstår ikkje kva Siri Martinsen har å gjere i ein debatt som skal lede fram til noko. Det er jo ikkje akkurat snakk om at folk kjem til å slutte å ete dyr. Martinsens synspunkt er heilt ok, men det er ingen fagmiljø som tek Martinsen på alvor, og hennar målsetning er så urealistisk at det blir uinteressant, men i sommar har ho skrive ein serie artiklar i Morgonbladet om dyr og matproduksjon og nei til kjøt og det som ho alltid skriv: gjentek seg sjølv til det kjedsommelige.

Det er difor interessant å vite kvifor Morgenbladet vel å bruke så mykje spalteplass på dama. Den medielogiske konklusjonen ein kan trekke, er at det har vore sommar og agurktid, og mat er eit enkelt tema å sparke opp litt reaksjonar rundt, spesielt når ein har ein ekstremitisk og marginal skribent, som Martinsen jo er. Det er eit enkelt medielogisk argument, men det er vanskelig å forstå at Morgenbladet, som ønsker å halde eit høgt nivå, vel Martinsen til å belyse tema. Ho er, av gode årsaker, svartelista som kjelde i ei rekke medier. Årsaka er at ingen tek henne alvorlig, bortsett frå enkelte fjortisar fram til dei finn andre hobbyar.

Men vi veit jo også at Morgenbladet har ei lesargruppe med snittalder under 25. Seier valget av Mmartinsen noko om Morgonbladets sviktande kunnskaper om landbruk og naturvitenskap, eller noko om Morgonbladets populistiske og useriøse tilnærming til feltet? Eg er ikkje sikker. God reklame for seriøsiteten på vegne av naturvitarar og landbruksfeltet er det iallefall ikkje, men ja, funny underhaldning, eller freakshow kan ein kanskje kalle det.

Og ikkje kom her å sei at dette er ideologisk kritikk. ALle som har lese min blogg og mine kommentarar i diverse aviser, veit at eg er svært kritisk til landbruksutviklinga, men skal debatten vere interessant, må ein ha reelle aktørar med synspunkt som er verdt ein debatt. Valget av Martinsen til å skrive om landbruk i Morgenbladet viser at avisa ikkje tek tematikken på alvor, men ser på det som ei form for lett underhaldning.

Martinsens artiklar held eit så lågt og dårlig faglig nivå, og er formulert som om ho ikkje har peiling, eventuelt forsøker å gjere seg sjølv banalt tilgjengelig og populistisk, eventult mangler praktisk erfaring og nærhet til det ho skriv om, noko som vel ikkje er utenkelig

Eg har respekt for Siri Martinsens argumentasjon mot å ete dyr, men eg forstår ikkje kva Siri Martinsen har å gjere i ein debatt som skal lede fram til noko. Det er jo ikkje akkurat snakk om at folk kjem til å slutte å ete dyr. Martinsens synspunkt er heilt ok, men det er ingen fagmiljø som tek Martinsen på alvor, og hennar målsetning er så urealistisk at det blir uinteressant, men i sommar har ho skrive ein serie artiklar i Morgonbladet om dyr og matproduksjon og nei til kjøt og det som ho alltid skriv: gjentek seg sjølv til det kjedsommelige.

Det er difor interessant å vite kvifor Morgenbladet vel å bruke så mykje spalteplass på dama. Den medielogiske konklusjonen ein kan trekke, er at det har vore sommar og agurktid, og mat er eit enkelt tema å sparke opp litt reaksjonar rundt, spesielt når ein har ein ekstremitisk og marginal skribent, som Martinsen jo er. Det er eit enkelt medielogisk argument, men det er vanskelig å forstå at Morgenbladet, som ønsker å halde eit høgt nivå, vel Martinsen til å belyse tema. Ho er, av gode årsaker, svartelista som kjelde i ei rekke medier. Årsaka er at ingen tek henne alvorlig, bortsett frå enkelte fjortisar fram til dei finn andre hobbyar.

Men vi veit jo også at Morgenbladet har ei lesargruppe med snittalder under 25.

Martinsen held eit framstillingsmessig så lågt nivå at ein tek seg i å lure på om ho formulerer seg fordummande enkelt, rett og slett manglar basic kunnskap eller aldri har vore i kontakt med næringane ho omtaler. Det er vel ein kombinasjon, men å sjå slikt dårlig handverk på trykk i Morgenbladet, skuffer meg. Det undergrev avisas seriøsitet i tilnærming til tematikken og viser at ein ikkje tek naturvitenskap eller landbruk på alvor, eventuelt at ein ikkje har nok kompetanse til å sile ut gode nok bidragsytarar til å ta opp tema. Difor er eit lett valg den populistiske og upresise Siri Martinsen som framstår meir som ein barneskuleelev i si tilnærming enn veterinær. Om eg ikkje visst at ho var utdanna veterinær, ville eg ikkje trudd på det. Så upresis og dårlig er ho i sin omgang med fakta.

.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...