Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 19, 2011

Er ein sjølvgod om ein ikkje ønsker seg hets av andre trusgrupper?

Debatt på nett. Svar til Jostein Ness. I Firda kallar Ness meg for sjølvgod og påstår at eg meiner det er eg sjølv som skal sette standarden for muslimdebatten.  Les lesarbrevet som Ness svarar på her . Det er på bakgrunn av dette lesarbrevet at han kaller meg sjølvgod. Dette må eg med nødvendighet tilbakevise all den tid det vel er klart for dei fleste at eg har lite med standarden i muslimdebatten å gjere. Nettdebatt er eg svært interessert i, og den drøye hetsen og grove karakterestikken av nye landsmenn som finst i mange nettforum er faktisk noko ein bør legge merke til og ikkje akseptere. Lat meg gjere det heilt klart. Ja, eg kalte Arne Hansen sine utsegner for drit. Kvifor? Fordi det var drit. Eg tek meg også den fridomen å påstå at « MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet. » er eit undermåls arg