Gå til hovedinnhold

Er ein sjølvgod om ein ikkje ønsker seg hets av andre trusgrupper?

Debatt på nett.

Svar til Jostein Ness.

I Firda kallar Ness meg for sjølvgod og påstår at eg meiner det er eg sjølv som skal sette standarden for muslimdebatten. 

Les lesarbrevet som Ness svarar på her. Det er på bakgrunn av dette lesarbrevet at han kaller meg sjølvgod.

Dette må eg med nødvendighet tilbakevise all den tid det vel er klart for dei fleste at eg har lite med standarden i muslimdebatten å gjere. Nettdebatt er eg svært interessert i, og den drøye hetsen og grove karakterestikken av nye landsmenn som finst i mange nettforum er faktisk noko ein bør legge merke til og ikkje akseptere.

Lat meg gjere det heilt klart. Ja, eg kalte Arne Hansen sine utsegner for drit. Kvifor? Fordi det var drit.

Eg tek meg også den fridomen å påstå at «MUSLIMAR må aldrig få overta noko ex.bedehus i GAULAR!! Då er det bedre å rive det ned til grunnen. Eller i verste fall brenne det ned. MUSLIMAR betyr som oftast problem! Det har en alt for mange bevis på ,her i landet. » er eit undermåls argument. Det er såklart ei subjektiv vurdering. Med undermåls meiner eg at det er eit unødvendig og uinteressant synspunkt i ein ellers konstruktiv debatt.

Vidare skreiv eg: «Det finst mange ord for drittslenging og pisspreik. Nokre kallar det ytringsfridom. Andre kallar det demokratisk debatt.» Dette står eg fullt og heilt inne for, og dette er også, om Ness tek seg den fridom å surfe litt på norske bloggar, ein debatt som eksisterer. Kvar skal grensa gå for kva som er greit og kva som ikkje er greit å sei innanfor ytringsfridomens grenser? Desse grensene er ikkje trekt opp, dei er ofte subjektive, men rasisme eller muslimhat/ hets er ikkje innanfor det som finst toleranse for. «Drittslenging» og «pisspreik» er i ein slik samanheng alrighte ord for å beskrive det ofte svært låge nivået. Å brenne ned eit hus heller enn å gi det til muslimske brukarar, er grovt. Slike utsegner er ikkje noko ein bør heie fram. Med mindre ein faktisk er rasist.

Og sjølv om Ness meiner at det er humoristisk å brenne ned hus heller enn å nytte dei til moske, så vil eg, reint subjektivt, påstå at det er ganske snodig å skrive så sterke ting om ein forsøker vere artig. Iallefall når ein kjenner til kva som har skjedd dei siste åra av terrorangrep, tap av liv og sjølvmordsbomber. Ein kan tenke på: kva slags kontekst blir det ein seier tolka inn i?

På det sosiale mediet Twitter har det i januar gått ein debatt om nettdebatt. Blant anna: kvar skal grensa gå, skal ein godta anonyme brukarar som kommenterer, kva inngår i ein demokratisk debatt og kor mange blir skremt vekk frå nettforum på grunn av nivået som ofte eksisterer? Ei rekke mediefolk, bloggarar og andre brukarar av sosiale medier har delteke. Kvifor? Fordi dette er viktige spørsmål å ta stilling til i ei medial røynd der internett blir stadig meir dominerande, og der ein manglar klare retningslinjer. Nettet er eit samfunn i utvikling. 

Fordi vi ønsker oss eit internett som ikkje skal vere ei søppeltønne. Det skal ikkje vere fritt fram på nettet å sei og gjere kva som helst. Fordi det skadar og sårar andre mennesker. Kvar grensa skal gå er ein debatt Ness gjerne må delta i.

Folk er nok redde for muslimar, som Ness seier. Religon er ikkje mitt kompetansefelt. Mitt felt er media, men eg trur neppe vegen å gå er og hetse muslimar eller andre religionar på nettet. Eg har lita tru på metoden «vondt skal vondt fordrive», men om Ness og Hansen synest det er greit å brenne ned hus heller enn å bruke dei til moske, må det stå for deira rekning. 

Kunnskap verkar mot angst, og det er også lov til å bruke litt fornuft i diskusjon. Lat oss difor til slutt kalle ein spade for ein spade: dei aller fleste muslimar er heilt vanlege menneske. Dei brenn verken ned bedehus eller begår terrorangrep. Og om nokon vil kalle meg sjølvgod fordi eg meiner at ein ikkje skal hetse muslimar på nettet, er det ein beskuldning eg godt kan leve med.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...

My Fair Lady goes heidundrande bygdesatire

Tirsdag 26.februar såg eg prøveforestillinga på My Fair Lady goes Sogn og Fjordane ved SoF teater i Førde. Framfor ein ganske full sal, køyrde teateret eit heidundrande show frå start til slutt. Det starta ganske irriterande med at sjølvrettferdige bygdefolk lot seg provosere av Lise frå Frogner som kom til Framdalen etter at far hennar hadde gått konkurs. I Framdalen møtte ho dei klassiske haldingane som ein møter når ein kjem til enkelte grender som innflyttar. Her i bygda har vi det vi brukar å ha, og spør du etter noko anna, så er du galen. Spør du etter ein avansert vin? Nei du, her har vi kvitvin på kartong! Sånn omtrent. Her gjer vi slik, og om du meiner noko anna, så har du å tilpasse deg. Det var svært treffande. Faren og Lise ved Lises ankomst. Foto Olav Reiakvam Far til Lise mellom bonden og Lommeheim på kroa. Foto: Olav Reiakvam Lise på si side meinte Framdalen var ein regnfylt stad med lite å sjå på, samt tusenvis av mil til folk. Hard overgang ...