Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 30, 2010

The Hamburger Trail

Eg hadde her om dagen den store gleda av å køyre bil frå Oslo til Bygstad i Sunnfjord. Eg veit av erfaring at bussen frå Oslo til Førde stoppar på Gol ved ei tragisk hamburgersjappe der alle som ikkje har tre kilo niste med seg i sekken må tvangsete i seg ein burger eller to, samt køyre i seg tilstrekkelige mengder brus og ketchup. Å køyre bil frå Oslo til Bygstad er ikkje stort betre. Langs vegen er det spekka med hamburgersjapper. Ein kvar liten fillestad med respekt for seg sjølv, eventuelt mangel på sådan, har gatekjøkken linja opp der du får kjøpt den eine burgeren meir shabby og klissete enn den andre til røvarprisar som ikkje lignar grisen. Mitt enkle spørsmål er: kor gørr kjedelig må det ikkje vere å bruke livet sitt på å severer dårlig overprisa drittmat til folk som forsøker å ha det litt kjekt på tur, og som desperat stoppar bilen for å stille svolten. Eg har mange gongar tenkt at det må vere ein meiningslaus tilværelse. Og det andre: vi har jo så mykje god mat her i dette