Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 6, 2010

Hjort på billegsalg

I eit land der jakt og fiske helst skal vere gratis, er det ikkje lett å bli rik sjølv om ein vassar i hjort. Anne Viken (tekst og foto) Publisert i Dag og Tid høsten 2008. Køyrer ein langs vegen på kveldstid, bykser hjorten framfor, flokkar på fleire titals dyr beitar i vegkanten medan kalvane trykker i skogen, og går du ut av bilen, forsvinn dei i store sprang over gjerdet. Dei står under altanen din og brøler, og snik seg rundt hushjørna nattestid. Åtti til nitti prosent av hjortebestanden fell for kuler og krutt. Rulleringstida for bestanden er gjennomsnittleg sju år, då er heile bestanden skifta ut, men medan den lever, er hjorten over alt. Tal frå Statistisk Sentralbyrå fortel at det i 2007 vart felt 32 000 hjort i Noreg, derav 85 prosent på Vestlandet. Til samanlikning vart det felt 56 000 elg og 4 670 villrein. -- Kvifor er det så mykje hjort? -- Vi har ikkje klart å skyte meir enn det som har blitt fødd. Det er det enkle svaret. Finn Olav

NOAH for dyrs rettigheter går no inn for at hjort skal svelte ihjel om vinteren

NOAH, ein veldig seriøs organisasjon med gode intensjonar, men dessverre låg kunnskap, går no inn for å forby hjortejakt. Dette betyr at dei også går inn for å la hjorten svelte ihjel om vinteren. Det er sjølvsagt Jenny Rolness i NOAH som går ut i Firda og rasar mot at folk publiserer bilete av jakttrofe, som dei har gjort til alle tider, sidan steinalderen. Rolness har store problemer med desse trofebileta. Eg antar ho også vil gå hardt til verks for å fjerne helleristingar og andre bilete av menneske som drep dyr og et dei. Eg antar NOAH er klar over at hjorten blir mindre og mindre pga dei blir fleire og fleire om maten, og at om ein ikkje haustar av hjortebestandane, så vil hjorten svelte ihjel pga dei blir for mange til at alle vil få mat om vinteren. Kanskje NOAH tenker at ein bør flyge den overflødige hjorten til Nordpolen, kanskje til Sørpolen. Det ville ha vore i tråd med deira kunnskapsplattform. Kanskje til Sibir? Eller tja, til Sverige? Kven veit. Eventuelt vil dei forby