Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april 2, 2010

Råtapen frå Hjernevask er ikkje så dum å sjå

Lorentzen seier at ulike synapser aktiveres, 50 000 per dag, frå den dagen ein blir født. Kva slags synapser som aktiveres, avhenger av miljøet. Dette betyr at om du behandlar ei jente som ei jente i kulturell forstand, så vil du aktivere andre synapser i hjernen enn du ville ha aktivert om du behandla babyen som ein gut. Dette vil i sin tur reprodusere kulturelt betinga kjønnsroller. Dette er utvilsomt riktig, også i eit biologisk perspektiv. Men på same tid: kor mykje av vår adferd er biologi og kor mykje er tillært: kultur og miljø? Dette er vanskelig å vite på grunn av at det vil vere uetisk å gjere slike eksperiment på menneskebarn. Skal ein finne biologiske forskjellar, må ein oppdra barn av ulike kjønn i fullstendig identiske miljø i årevis, og dette ville vere fullstendig ugjennomførbart med tanke på etikk. Dette seier Lorentzen i råtapen frå Hjernevask. .