Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 22, 2010

Eg frykta ein ny bunadsdebatt

Eg vart eg ganske så skeptisk då eg såg framsida i Firda. Eg frykta ein ny bunadsdebatt og ein ny runde mot røkl og meiningspoliti. Når eg no derimot ser politiet i spaltane, bit dei ikkje på. Dei bryr meg ikkje. Fire ting er heilt klart: a) dette er ei sak Sogn og Fjordane må tåle. b) det er ei god sak. c) folk må sjølv ta ansvar for å forstå sjangeren kåseri. d) det er massiv støtte for mine synspunkter, eller saka, i Sogn og Fjordane, og dei haglar inn den dag i dag, og det meste kjem frå lokalpolitisk hald og næringsliv. Dette er verdt å merke seg. e) alt eg sa i mitt kåseri er sant. Eg dementerer ingenting, men her er mine tankar i etterkant av saka. Denne veka har vore mykje mediapes. Folk som ikkje skjønar eit kåseri, avslører seg sjølv. Eg blir godt skremt av Firdas framside. Min umiddelbare tanke akkurat no er denne: kvifor reagerte eg med å bli sjokka over framsida mandag. Min reaksjon var omtrent som følger: 1) Ser framsida 2) tenker: Å nei, ikkje ein ny bunadsdebatt! Ikkje

Skrive roman

er heidundrande vanskelig. Eg ser på Knausgård. Han er ekstremt sjølvbiografisk. Eg befinn meg på motsatt side av skalaen: ekstremt usjølvbiografisk. Likevel. Ein brukar ei rekke karakterar og instansar frå virkeligheten, om enn vrengt til det ugjenkjennelige. Dette er litt nødvendig all den tid all fiksjon er basert på virkeligheten. Virkeligheten overgår jo som kjent all fiksjon. Men ein blir jo garantert påstått å skrive om "den og den", eller "det og det", så da får vi sjå kven som blir med og ikkje in da book. Spennande å sjå. Eg har ikkje oversikten enda, og kjem potensielt til å be om godkjenning før eg omtaler visse som kan gjenkjennast. Eventuelt ikkje. Ein treng trass alt ingen godkjenning for å skrive kva som helst i ei bok. Dei som vil ha retningslinjer for romansjangeren har enda ikkje fått gjennomslag. Så får vi sjå kva som skjer. Har fått nokre som har meldt seg, som gjerne vil vere med i ei bok. Den er grei. Vi skal smi dåke inn. Men dette er satire

FRED - eg heiser kvitt flagg og legger ballen død.

denne debatten er utmattande for mange, meg sjølv inkludert. Eg lovar å aldri meir halde kåseri i Førde. Årsak: her er ikkje takhøgde for slikt, og dette er ikkje eit kompliment. Eg skjønar at folk blir provoserte, men eit kåseri skal no ein gong ikkje takast bokstavleg. Legg meg uansett flat for å ha karakterisert leiar for nynorsk mediesenter, sjølv om ho hadde nokre drøye personangrep på meg frå tilbake i tid. Eg må også få kommentere Judith Kapstad sitt innlegg i Firda. Ho stiller der spørsmål ved om ein ikkje maktar å rekruttere gode journalistar til fylket. Dette trur eg potensielt ho kan ha rett i, men det er vanskelig å sei om det er journalistane eller den redaksjonelle linja det går i. Time out. Vi snakkast ved ein seinare anledning.

Den store imagestrabasen - essayet om markedsføring frå Syn og Segn i si heilhet

Kortversjonen finn du her. Trykk på bilda under og dei blir store og leselige. Marknadsføringa av Sogn og Fjordane er i ferd med å gå frå politisk basert motkultur til kommersiell og motstandslaust medkultur. Av Anne Viken Setting: Datoen er 17.februar og klokka har nett passert seks. Staden er Fabrikkhallen, eit steinkast frå hippe retrosjappene på øvre Grünerløkka og Birkelunden i Oslo. Lokalet er fullt av unge lovande som strøymer frå stand til stand med velkomstdrinkar i hendene og spekekjøt mellom tennene. Forventningar om kva fjordfylket kan tilby oss svirrar mellom øyra. Vi er på næringslivsmessa til Sogn og Fjordane. “Framtidsfylket” 1 har sendt rundt seksti representantar over fjellet for å overtale oss til å trekke i skibuksene, pakke snøbrettet og bli entrepenørar iVestlandetets fråflyttingsfylke nummer ein. Næringslivsstanden er kledd opp i flattbrød og fingermat frå havet. Året er 2009. Metoden er populisme. Bæ bæ store ulv Klokka seks syng studentkoret L

Meiningstyrani

For dei som var tilstades på debattmøtet eller som har fått lest kronikken i BT så ser ein lett at det er Firda si redaksjonelle linje som utløyser spetakkelet og ikkje Viken sine innlegg eller synspunkt i kronikk eller debattmøte. Les heile Jan Herstad sitt innlegg til Firda her. Min BT-kronikk her. Kronikken har hausta mykje positiv respons, unntatt i Firda . Innlegget frå Førde her .