er heidundrande vanskelig. Eg ser på Knausgård. Han er ekstremt sjølvbiografisk. Eg befinn meg på motsatt side av skalaen: ekstremt usjølvbiografisk. Likevel. Ein brukar ei rekke karakterar og instansar frå virkeligheten, om enn vrengt til det ugjenkjennelige. Dette er litt nødvendig all den tid all fiksjon er basert på virkeligheten. Virkeligheten overgår jo som kjent all fiksjon. Men ein blir jo garantert påstått å skrive om "den og den", eller "det og det", så da får vi sjå kven som blir med og ikkje in da book. Spennande å sjå. Eg har ikkje oversikten enda, og kjem potensielt til å be om godkjenning før eg omtaler visse som kan gjenkjennast. Eventuelt ikkje. Ein treng trass alt ingen godkjenning for å skrive kva som helst i ei bok. Dei som vil ha retningslinjer for romansjangeren har enda ikkje fått gjennomslag. Så får vi sjå kva som skjer. Har fått nokre som har meldt seg, som gjerne vil vere med i ei bok. Den er grei. Vi skal smi dåke inn. Men dette er satire, ikkje streit roman. Det blir ingen bonderomantikk eller kaffedrikking på kafe på løkka. Det blir politisk, og det blir vilt.
Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...