Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni 14, 2009

Den livsfarlige legevakta prøver å drepe meg, igjen

Her om dagen blei eg ganske dårlig og drog avstad til legevakta. Av hensyn til lesarane av denne skjøre bloggen, skal eg ikkje legge ut om kva som var årsaka til at eg vart så innihælvete dårlig, men lat oss sei at eg åt noko eg ikkje tålte. Vi sjekka inn, meldte oss og forklarte problemet. Det gjekk ca fem timar og eg slapp ikkje inn. Til slutt drog eg heim igjen og eg har fortsatt blåmerker og vondt i låret etter å ha sove på benken på legevakta i fem timar. FEM TIMAR! Eg har opplevd dette før også. At ein må vente fire fem timar på legevakta, og til og med blir beden om å gå heim og kome att neste dag. Eksempelvis med fryktelig øreverk. Kva slags helsetilbud er det vi har her i Oslo? Rett og slett elendig. Vi kjenner vel alle ein eller anna som har dødd etter å ha blitt avvist på legevakta. Bør det ikkje ringe eit par bjeller for dei som liksom passar på helsa vår? Dersom eg no hadde strøke med mens eg sov på benken på legevakta, hadde det vore ganske absurd. Det gjorde eg heldigvi