Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar 17, 2009

Atter eit tiltak som forbind nynorsk med ordet "tvang": Nynorsktvang for momsfritekne aviser

Eg siterer direkte frå Noregs Mållags heimeside: - "Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid." Her bruker ein pisk, ikkje gulrot, og tillegg atter ein forbindelse mellom ordet "tvang" og "nynorsk", akkurat som om denne linken ikkje var der frå før. Mange forbind nettopp nynorsken med tvang, så kvifor tvinge nynorsk på enda fleire og skape desto fleire negative assosiasjonar? Kvifor kan ein ikkje gjere nynorsk til noko kult, ikkje til atter ei tvangssak? Journalistar bryr seg ikkje om dei kan skrive på nynorsk eller bokmål, skriv Bergens Tidende. Det overraskar overhodet ikkje. Og dei som kan velge mellom nynorsk og bokmål, vel ofte også bokmål. Å gjere det til ei kampsak å få nynorsk på trykk i VG , Dagbladet og Aftenposten: er det virkelig ei sak å