Gå til hovedinnhold

Atter eit tiltak som forbind nynorsk med ordet "tvang": Nynorsktvang for momsfritekne aviser

Eg siterer direkte frå Noregs Mållags heimeside: - "Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid."

Her bruker ein pisk, ikkje gulrot, og tillegg atter ein forbindelse mellom ordet "tvang" og "nynorsk", akkurat som om denne linken ikkje var der frå før. Mange forbind nettopp nynorsken med tvang, så kvifor tvinge nynorsk på enda fleire og skape desto fleire negative assosiasjonar?

Kvifor kan ein ikkje gjere nynorsk til noko kult, ikkje til atter ei tvangssak?

Journalistar bryr seg ikkje om dei kan skrive på nynorsk eller bokmål, skriv Bergens Tidende. Det overraskar overhodet ikkje. Og dei som kan velge mellom nynorsk og bokmål, vel ofte også bokmål.

Å gjere det til ei kampsak å få nynorsk på trykk i VG , Dagbladet og Aftenposten: er det virkelig ei sak å sette ressursane inn på? Blir det for dei store avishusa som det blir for meg å ha ei fluge på leggen? Eg ristar den av og går vidare utan å tenke meir over det.

Er språk det vi bør bry oss med i desse nedgangstider når det enda er snakk om eit vere eller ikkje-vere for papiraviser (sjølv om eg trur dette er overdrivingar, iallefall i første framtid)?

Kven er det Noregs Mållag jobbar for eigentleg? Oss språkbrukarar eller blindt ev eigeninteresse uten å sjå verken til høgre eller venstre for å sjekke ut kva språklege interesser folk faktisk har?

Jobbar dei for alle dei som gir blanke i nynorsk og skriv fullt av skrivefeil? På vegne av den kuriøse forfattarstanden som likar nynorsk? På vegne av alle journalistane i dei store avisene som ikkje bryr seg det fnugg om språk så lenge dei har jobb? Kven er målgruppa? Journalistane i lokalavisene som alt skriv på nynorsk?

Eg spør i det vide og det breie, men har lite svar å kome med.

Vil ha nynorskbiskop, skriv Noregs Mållag. Dette seier vel litt om kvar fokuset ligg.

Det ligg på det uvesentlege.

Populære innlegg fra denne bloggen

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Med døden på jobb. Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger.

  I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonosar, altså sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Eg havna som veterinær høsten 2011 oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig. Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Eg trakk på meg verneutstyr og masker, og gjekk inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig og kan faktisk vere livsfarleg.  Les om miltbrann i Norge. Under ein sermoni i Roma erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda.   Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga a...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...