Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars 7, 2008

Jenter, bygg nettverk! Gi faen i flisespikkeri og intrigemakeri.

Vasete kvinnedagsdebatt frå Førsund og Tonning i Firda. Les debatten her på Firdas bloggforum. Både kulturentrepenør Randi Førsund og SV-ar Rita Tonning bidreg retorisk til å stemple både seg sjølv og andre kvinner med siste dagars "kvinnedagsutspel" i Firda. Kvar er kvinnekampkompetansen blant kvinnene i fylket? Den er i alle fall ikkje på trykk. Ein kan spørre seg Randi Førsund og Rita Tonning har særlig greie på kva debatten rundt kvinner og kvinners stilling faktisk har dreia seg om siste åra. Argumentasjonen deira kan tyde på det motsette. Kvinnedagsdebatten i Firda har vore prega av vasete utspel og ubegrunna påstander om kvinner og debatt kvinner i mellom. Randi Førsund synest jentetreffet til Sparebanken Sogn og Fjordane verkar litt som «Jenteklubben Grei». – Kva er det å vere vågal, som dei kallar det i brosjyren? spør Farsund. Her er det ikkje Sparebanken som går seg ut på glatta, men Førsund. Dersom ein har fulgt litt med i media, vil ein vite at det har vore my