Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september 2, 2012

Traktorkunstnar inntok Florø

Sidan eg ikkje greier tenke ut ei einaste helsing, utover god dag mann økseskapt og god helg, har eg slått meg på teikningar når bøker skal signerast. Eg er svært folkeleg, og har krasja med traktor minst to gonger, så traktor er ein disiplin innanfor kunsten som eg føler eg kan relatere meg til. Berre sjekk den stilen. Her bilete frå Kystdagane ved Kystmuseet i Florø 2.september 2012. Les meir om boka her. For ei landkrabbe som meg er dyr frå havet noko svært vanskelig å stappe inn i munnen, men det går.   Om du vil bli eit lykkelegare og heilare menneske kan du enkelt kjøpe denne boka.  For John Egil blir dette garantert eit vendepunkt.   Fiskekakesteiking i friluft er definitivt sunt for deg. Og under her: Hilde Buer som lagar tråd frå villsauull og eg som tvingar på folk bøker.  (Det er eg forresten ganske god på). Dette er eit miljø Elise-boka passer inn i. Torsdag skal eg lese på biblioteket på Sande kl 17. SommarLes. Og på søndag er

Wow! Eit øleldorado i Sunnfjord!

   55 ølsortar, derav 5 frå eige bryggeri! Og glimrande tapas! Ah, alle vi som liker skikkeleg øl har no fått ein pub i Sunnfjord som like gjerne kunne lagt på løkka i Oslo eller NY gitt inventar, utvalg, mat og øl. Hurra!   Rett ved ferjekaia i Dale sentrum.