Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli 2, 2011

Flukta frå agurkane

Eg var när ved å bli kvalt av ensformigheten i Oslo-media, brukte eg sommarferien på å arbeide som veterinär i Sverige. Denne artikkelen stod på trykk i Bergens Tidende sommaren 2010 som kommentar i lördagsbilaget. Avstanden mellom media og folket er stor. Det heile minnar tidvis om eit svært show. Vi veit jo alle at publikum sit adskilt frå scena. Når showet er over, går dei heim. Det meste ein har sett, vil snart bli gløymt. Slik sat eg ein gong i vår og tenkte på ein röd skinnstol ved respatexbordet i min minimale, sterkt overprisa vintagekåk på Grünerlökka i Oslo. Halve kretsen sat heime og las Knausgård, alle Facebook-debattar dreide seg om Knausgård, alle aviskommentarar dreide seg om Knausgård og eg gjespa meg gjennom spaltane. Det heile minna om ein parodi. Ein vakker dag var det nok. Eg var lei av innesnödde mediefolk viss einaste kilde til idear såg ut til å vere Facebook, og sidan eg tilfeldigvis er utdanna dyrlege sökte eg på förste og beste sommarjobb som kuveterinä

Sommar! I Sverige!

Som enkelte sikkert har merka seg, er eg treg med å oppdatere bloggen no i sommar. Det har seg slik at eg er i vårt vakre naboland Sverige og arbeider som veterinär. Då blir det litt mindre tid til blogging. Dessutan er det finare å vere ute no i kokande sol enn å sitte inn framfor ein pc. Og eg likar betre praktisk arbeid og sosialt liv enn kontorarbeid. Men eg kjem sterkare tilbake. Og så har eg klart meg ca eit par veker utan Facebook, og det kjennes digg. Sosiale medier er greit å ha, men dei kan også bli stressande, og eg merker at eg savner ikkje Facebook eit dugg. Ei heller Twitter. No for tida bur eg på eit stabbur ved ein stor sjö med flott utsikt, gröne marker og fiskevatn. Utan innlagt vatn, utan dusj, men med kran like ved. Utan internett, men med ström. Det er skikkelig digg. Stilt og roleg. Stor hage, kaffe, lokal pils, ei bra bok. Av og til haglar det hagl store som bordtennisballar, og av og til skin sola brennheit. Så drar vi på dans eller på travlöp (nei, ingen gö