Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 10, 2009

Overstyring og umyndiggjering er ordet. Det er like før heile Sogn og Fjordane havnar på anstalt.

Kvifor er det slik at folk helst ser at Kurt Oddekalv blir slukt av ein ulv, at Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet, Dyrebeskyttelsen og Noah går ad undas? Kvifor hatar mange desse ideelle aktørane som påstår dei vil redde oss frå undergangen og redde oss frå å føkke med strandsona? Det er lett å finne svaret. Berre sjå på desse eksempla. Ein kan vurdere å kalle fylket for ein anstalt heller enn eit fylket. Det er trass alt uten råderett over seg sjølv, og liknar meir og meir på ein koloni fjernstyrt av eksterne krefter. Sogn og Fjordane er 69 prosent eigna for ulv, sa Kurt Oddekalv til avisa Firda 1.oktober. Han hadde kasta seg rundt med kalkulator og eit kart. Lite vegar og få folk gjer Sogn og Fjordane til det fylket i landet som passar best til å ha ulv, meinte Miljøvernforbundet. Ressonementet var alt anna enn logisk, og debatten gjekk høg på firda.no. Oddekalv har òg kome fram til at over 60 prosent av Nord-Trøndelag, Hordaland og Sør-Trøndelag er eigna landareal for ulv. I