Gå til hovedinnhold

Overstyring og umyndiggjering er ordet. Det er like før heile Sogn og Fjordane havnar på anstalt.

Kvifor er det slik at folk helst ser at Kurt Oddekalv blir slukt av ein ulv, at Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet, Dyrebeskyttelsen og Noah går ad undas? Kvifor hatar mange desse ideelle aktørane som påstår dei vil redde oss frå undergangen og redde oss frå å føkke med strandsona? Det er lett å finne svaret. Berre sjå på desse eksempla. Ein kan vurdere å kalle fylket for ein anstalt heller enn eit fylket. Det er trass alt uten råderett over seg sjølv, og liknar meir og meir på ein koloni fjernstyrt av eksterne krefter.

Sogn og Fjordane er 69 prosent eigna for ulv, sa Kurt Oddekalv til avisa Firda 1.oktober. Han hadde kasta seg rundt med kalkulator og eit kart. Lite vegar og få folk gjer Sogn og Fjordane til det fylket i landet som passar best til å ha ulv, meinte Miljøvernforbundet. Ressonementet var alt anna enn logisk, og debatten gjekk høg på firda.no.

Oddekalv har òg kome fram til at over 60 prosent av Nord-Trøndelag, Hordaland og Sør-Trøndelag er eigna landareal for ulv. I nettforumet var det postmaterialismens fotsoldatar i kamp med bønder og anna pakk noko som kort oppsummert betyr ja til sau versus nei til ulv i bur.

I Firda 2.oktober las vi at Naturvernforbundets lokallag i fjordfylket er så blakke at dei vurderer å legge ned på same tid som 44 vasskraftutbyggingar og 12 planlagde vindkraftverk er under behandling. Tidspunktet for nedlegging er med andre ord perfekt. Forbundet har i disse dagar ikkje eingong har råd til å sende brev. Kanskje dei heller ikkje har råd til å betale telefonrekningar eller slå på kraftkrevande datamaskiner for å sende plagsome epostar og spamme nettdebattar med kvasifilosiske innspel.

Ikkje meir bråk frå den kanten mot verdas største vindmøller på Lutelandet i Ytre Fjaler der Vestavind Kraft har søkt Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) om konsesjon på 10 6MW vindmøller, eller 19 2MW-møller. På twitter gjekk gladmeldinga. La Naturvernforbundet bli blåst vekk av rotorblad med 127 meters diameter!

1 2006 melde Noah og Dyrebeskyttelsen ni pelsdyroppdrettarar i Gloppen til politiet for dårleg pelsdyrhald etter å ha brote seg inn på farmane, tatt bilete som lokalmediene ukritisk trykte saman med falske anklager og løgn mot pelsdyroppdrettarane. Konklusjonen på etterforskninga var at ingen reglar var brotne. Sakene vart lagt vekk og oppdrettarane reinvaska, men saka var stygg om enn ikkje uventa frå Noahs kant.

«Enkeltmenneske og organisasjonar har rett til å seie si meining, og er ein viktig del av demokratiet, men vi kan ikkje anerkjenne einkvar interesseorganisasjon som tilsynsorgan og på den måten setje husdyrhaldarar utanfor det rettssamfunnet som er grunnlaget for at for at dyrevelferd i det heile er tema i samfunnsdebatten», skreiv Gloppen-veterinær Anne Berit Selle i eit brev til Den Norske Veterinærforening (DNV) som reaksjon på at DNV går inn for forbod mot pelsdyr.

For ordens skuld: eg er motstandar av pelsdyroppdrett.

12.mai spurde Åge Starheim (Frp) frå Sogn og Fjordane eit skriftlig spørretimespørsmål
om det er Regjeringas intensjon å praktisere ei så restriktiv haldning til bygging i strandsonas hundremetersbelte at det fører til at mange no vurderer å flytte frå fylket. I desse øy- og kystsamfunna har Fylkesmannens haldning stoppa utbygging og vekst, noko som er godt dokumentert gjennom HAFS-Regionrådet.

Erik Solheims (SV) svar inkluderte mellom anna dette: «Strandsonen er av nasjonal betydning, og det er bakgrunnen for at det er et generelt byggeforbud i 100-metersbeltet langs sjøen.»

Nasjonal betydning, ulv bak kvart hushjørne og nei til absolutt alt. Need I say more. Overstyring og umyndiggjering er to sentrale stikkord. Det er like før heile Sogn og Fjordane havnar på anstalt.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...