Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober 1, 2008

Lederboka

.. som sagt litt usikker på om eg skal lese Mannen uten egenskaper, men denne har eg heilt sikkert tenkt å lese. Har lest ut Vigdis Hjorths siste (Tredje person entall), og den er svært bra fram til hovudpersonen skil seg, men etter det blir det litt for mange nye menn, brune barar og øl. Greit nok med barar, menn og øl, men det blei litt vel masse om att det same, og ein del avsnitt kunne med fordel ha vore kutta ut, men meir om det ein annan gong. Eg må i dette nu skrive ein kommentar om noko heilt anna før eg kan sette meg ned å gjennomanalysere Hjorth, dersom det skulle bli nødvendig å utføre ein slik analyse.

Mannen uten egenskaper - ny bok frå Manifest

Eg aner ikkje kva eg snakkar om sidan eg ikkje har lese den, men den er iallefall verdt å registrere at er på markedet. Om eg kjem til å lese den, veit eg ikkje. Har lese eit utdrag om skattenivå, og eg er ikkje så glad i skatt, men antar det handlar om langt fleire ting enn skatt, og sleppfestar er jo aldri å avsky.

Symmetri i Oslo