Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2009

Ebba Haslund: man må leve med åpne øyne, og ikke sette blonder på virkeligheten.

Ebba Haslund er ein av mine definitive favorittforfattarar med "Bare et lite sammenbrudd" som ein absolutt ener. Den er simpelten genial, sjølv om eg vel meiner sammenbruddet burde ha vore større og at salaten burde gått i golvet, men som Haslund seier: Lillemor knuser ikkje salatboller. Ho set dei forsiktig ned. Høyr Haslund snakke om Bare et lite sammenbrudd (opptak frå 1975). Gammel dame vond å vende. : Hadde flere menn lest den såkalte kvinnelitteraturen, kunne flere ekteskap ha vært reddet. (...) Kvinnene er ikke det grann betre enn mennene sine. Høyr på radiorakel FM 99,3 idag klokka 16, Anne og Sigrid live on air.

Jonas Ekeberg, kva er det du driver med?

I denne kommentaren (med ein påfølgande lang debattråd under, på Kunstkritikk.no raljerer Jonas Ekeberg over nylanserte Kunstforum. Eg stiller, som journalist, eit heilt enkelt spørsmål om habilitet: Kan Ekeberg, som både er intervjua og omtalt i Kunstforum, også anmelde Kunstforum? Svaret gir seg sjølv, men det ser ikkje ut til at profesjonalitet er det kunstkritikk.no set i høgsetet. Terningkast 6 på pinlighetsskalaen oppnås. Gratulerer, Ekeberg. Ekstra poeng for konspirasjonsteorien om at gammelsosialister i Klassekampen og nykonservative i Minerva samarbeider om eit reaksjonært prosjekt. Ein ting er at Ekeberg avslører sin mangel på kunnskap om Klassekampen, ein annan ting er hans gode fantasi som mikses opp i det heile. Eg gleder meg til neste utspel frå Ekeberg. Kanskje vil han neste gong påstå at Klassekampen og Kunstforum står i ledtog med paven. Kommentaren framstår som uprofesjonelt, særlig når det er ein redaktør som utviser så liten kunnskap om feltet “presse” er det litt

Noe er sant og noe er ikke sant: Hanne Ørstadvik tungetalte idag på Blå

Ikveld har eg hørt Hanne Ørstadvik snakke på Litteratur på Blå om det tunge og det mørke, det lette og det rare - alt flyter, det flyter, la romanen slippe til, stress ned, ting sies uten å sies, står ved siden av hverandre, igjen sier jeg: stress ned! Lyspunkt blir en sirkel. Noe er sant og noe er ikke sant. puh røykepause mellomrommene er viktige, ting sies uten å sies, står ved siden av hverandre, ja - dere skjønner hva jeg sier, jeg er ikke akkurat en underholdningsforfatter som dere vet: å bli kolonisert - vi kan være kolonialisert på så mange nivå! Å skrive denne romanen var å sette romanen til veggs - noen av passasjene er malende romanaktige passasjer - å tillate seg de forskjellige sprangene - romanen sa: bare kom igjen! Det er plass til alt sammen! puh røykepause Vi trenger kun få lyspunkter for å se strukturene, lyspunkt blir til en sirkel. Det som jeg trodde var så klart i "Uke 43" (roman) - ble tolket så grumsete og rart, det var så rystende - jeg måtte forandre

Det er ein grunn til at folk ikkje vil bu på bygda. Bygd må reise seg mot by og forlange respekt!

Det er mykje vi må gape over i det offentlege rom. Vi må godta ei lang rekke vulgære aviskommentatorar som skriv og tenkjer i flokk, ei presse som plagar oss med sitt synkande nivå, og no også politikarar til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til ei privatisert steinalderutgava av velferdsstaten. Men verst av alt: Distrikts-Noreg må godta at Oslo og medieeliten i hovudstaden tilsynelatande ikkje ser ut til å forstå at mesteparten av folket i dette landet lever utanfor den berømte Ring 3. Blir skremt av å lese Firda Men problemet er også at folk i Distrikts-Noreg sjølve skaper eit taparbilete av seg sjølv. Eg les avisa Firda på eavis av den enkle årsaka at nettavisa firda.no i det siste har vore så full av pølsekøvold og lokale sportstriumfar at ein stakkar får lyst til å ringe inn ei klage til redaksjonen kvar einaste dag. Og det var då eg opna eavisa, som er ei elektronisk utgåve av papiravisa, at eg skjønte kvifor sakene eg her fann ikkje ligg fritt

Den økologiske bløffen - del to

Min kommentar i Klassekampen om økologisk landbruk har skapt bølger i dei økologiske sinn. Ikkje uventa. Dette er eit tema som engasjerer, og det bør det også gjere, men å trekke det så langt som å stille spørsmålsteikn ved om eg, som er kritisk til økolandbruk, er ødelagt av blogging slik Svein Anders Noer Lier spør seg på lesarbrev i Klassekampen som ein respons på mitt motsvar mot lesarinnlegg i etterkant av kommentaren , er å trekke det heilt ut av kontekst og saklighet, og slik sett er Noer Lier i tråd med økolandbruket generelt. Økologisk landbruk handlar i hovudsak om dette: ideologi, følelser, forbrukertrender og markedstrender. Det er liten tvil om, etter å ha lese motinnlegga mot min forskningsbaserte kommentar i kk, at dei som er uenige med meg, mest av alt føler, slik som Noer Lier, men eg kan ta meg tid til å svare han her på bloggen. Årsaka er at kunnskapen rundt kva som er økologisk i praksis og kva som er økologisk på papiret, er ganske så teori og regelbegrunna. Lat m

Økologisk må bli økologisk

leserbrev trykt i Klassekampen 23.september 2009 som svar på to motinnlegg mot min kommentar Økologisk merkevarebløff i same avis 5.september. Eg er pro økolandbruk, men ikkje pro eit økolandbruk som framstiller seg som meir økologisk enn kva det er. Årsaka er at ein då lurer forbrukaren til å tru at han kjøper eit produkt som bidreg positivt til miljøet, medan dette ikkje nødvendigvis er realiteten. Ein er fornøgd og let vere å stille krav om reelle økologiske produkt. På denne måten blir økomat kontraproduktiv: ein trur at den har ein effekt som ikkje er der og forbrukaren blir ein passiv konsument av ei merkevare som er godt meint men som ikkje er særlig effektfull med tanke på målet. Krava til kva som kan kallast økologisk er kort sagt for slakke. "Ønsker vi å prioritere bærekraftighet framfor kortsiktighet, representerer økologisk matproduksjon et steg i riktig retning", skriv Christian Bianchi Strømme på lesarbrevplass i Klassekampen. Ja, dette er eg einig i. Probleme

Fryktar at kanin kan hoppe på elva,

melder Firda. Ein liten lysebrun kanin har i fleire dagar halde Førde sentrum i spenning. Folk vågar ikkje lenger gå ut i frykt for kaninen. Dyrebeskyttelsen har lagt ut fleire handgranatar på strategiske stadar, men så langt har dei ikkje lukkast å få has på kaninbeistet, melder Firda.

Glitterfeminisme

Anne Viken anmelder boka Glitterfitter, og samtaler med programleder Sigrid Krohn Eide om sommerens feminismedebatt på radio rakel fm 99,3. Høyr anmeldelsen her.

kvinner og menn og kjærlighet

Tilby tilbakeflyttarar jobb før de set i gang krisetiltak, Sogn og Fjordane

1) Sogn og Fjordane tilbyr tilbakeflyttarar deltidsjobbar og brøkstillingar. Dette er ikkje godt nok, skriv Firda. Ergo kjem ikkje folk heim. 2) Ei anna sak omtaler heile 130 søkarar på ni fulltidsstillingar ved eit avlastningssenter som skal opnast i Eikefjorden. Konklusjon: Det er ikkje mangel på folk som ønsker seg arbeid. Å skaffe seg arbeid derimot, er ikkje gjort i ei handvending. Problemet er ikkje at folk ikkje vil ha jobb, men at der ikkje ER jobbar. MEN. Det ein tenker på er, heller enn å mekke jobbar, KRISETILTAK: Arbeidarpartiet meiner derfor at ein no må vurdere om unge som vil flytte til Sogn og Fjordane skal få omgjort studielån til stipend, og at landbruket skal få særordningar slik som i Nord-Norge. Det seier stortingskandidat for AP, Ingrid Heggø. Men seriøst. Begynn i riktig ende: skaff folk mulighet til å få seg ein jobb før de tilbyr dei nedbetaling av studielånet. Dei flest mennesker med høgare utdanning maktar å betale ned studielånet. Utfordringa er å skaffe se

Den staden du er fødd på, er brent fast i panna di

P says: Var no ein kompis av meg som jobba i riksrevisjonen som sa atte han kjente ein møring som hadde budd 50 år i bærum, men likevel spurde folk han om han skulle "heim til jul". Ein dag hadde han klikka når han fikk spørsmålet og sagt "no må det faen meg være nok, eg har budd her i 50 år og dittahære e no for faen meg heim for meg". Det e jo eit merkelig og interessant fenomen, korleis den staden du kjem frå er brent fast i panna di. I say: I say: hahaha, eg veit. P says: Atte heimplassen skal sviast fast i panna liksom. I say: Ja, eg veit. Slik er det. Du ER frå Sogn og Fjordane, skriv nynorsk for svarte faen i helvete. Eg tenker, at når eg sleppe mi første bok, og den er på rykande bokmål - noko den faktisk er - kjem det første spørsmålet til å vere: kvifor skriv du ikkje nynorsk? ...... herregud ass. Språket er for meg eit middel, ikkje eit mål i seg sjølv. P says: Eg e so glad når eg e i utlandet og blir presentert som PP frå Oslo, det lika eg. I say: Vi

Toleranse er farlig - eg er intolerant

Vi har alt toleranse for ei lang rekke vulgærperverse aviskommentatorar, for ei presse som plager deg med sitt låge nivå og no også spinn ville politikere til høgre for midten som helst vil trøkke oss tilbake til steinalderen. Det heile er ei megasuppe, og Oslo ein andedam som ikkje forstår at mesteparten av landets folk lever andre stader. Skal vi tolerere dette, og desse stemmene som eig landet og den offentlige debatten? Tja. Skal vi tolerere floden av navlelo i det offentlige rom? Toleranse og humanisme fører ikke til en bedre verden, men er tvert imot farlige krefter fordi de glatter over konfliktene i samfunnet, sier filosofen Slavoj Žižek i dagens Klassekampen. Dette kan vere sant. Personlig dersom du tolererer kjipe mennesker rundt deg. For samfunnet om du skal vise takhøgde for alt og alle. Problemet er vel å trekke opp kvar grensa skal gå. Selvfølgelig. No har Nina Karin Monsen anmeldt staten pga ekteskapslova. Ho meiner det har gått for langt, at det er høgre mot venstre og

Legg ned Venstre, erstatt Senterpartiet og få Krf til å trekke ut folk av Frp.

Eg tenke, nokre dagar på etterskot, at Siv Jensen sitt angrep på Lars Sponheim (V) fordi han liksom føkker opp for eit borgarleg fleirtal, bør han ta som eit kompliment. Det må stå som ein siste gest til galningen Sponheim, at det var godt at han ikkje ga seg, og at han sa nei til Frp fram til siste slutt. Så får han heller få dask på lanken av Siv. bla bla bla Spørsmålet er vel heller om ein bør samarbeide med Frp, om ein i det heile tatt treng partiet Venstre. Dette spørsmålet har eg stilt meg i ei årrekke, og spørsmålet er aktuelt igjen. Kva skal vi med partiet Venstre? Dei er jo berre ein slags funny miks av ting og påstander som ikkje treng eit eige parti, men som vert dekka inn av andre. Krf kan eg forstå, Ap må vi sjølvsagt ha, Rødt er fint å ha i opposisjon så vi får litt bråk og leven frå utsida. Dei gjer seg betre i opposisjon enn i posisjon, all den tid dei i posisjon hadde blitt kverna inn i stortingskverna medan dei utanfrå kan stå tydelig fram. Mulig at også SV burde ut a

Slå eit slag for klima og miljø: ja til norsk sau.

Eg vil anbefale å ete norsk sauekjøt, samt å vere pro ein virkelighetsnær rovdyrpolitikk der ein innser at sau og ulv lever i ulike områder, samt at der ikkje finst norske bestandar av ulv og bjørn, men skandinaviske, og at desse veks, all den tid eit nei til produksjon av norsk sau på vår utmark, er eit ja til import av industrisau frå New Zealand, eller sau som står inne heile året i EU, eventuelt som går på hardt gjødsla innmark. Nordmenn vil ikkje slutte å ete sauekjøt. Dei vil importere. Å tru at ein bidreg til miljøet på ein positiv måte ved å sei nei til sau og ja til rovdyr, er ca like virkelighetsnært som å tru på nissen. Ein sau som ryddar vekk buskas og tre på eit tidlig vekststadie i skauen, held liv i fleire artar (kulturlandskapet) enn ein ulv i eit sauefritt område. Ulven er ein toppredator og hindar ikkje attgroing av landskapet med den påføring av skugge og deretter dårlige vekstforhold for planter osv. Og dersom du fortsatt meiner at der finst ein norsk bestand av bjø

Nisjeaviser stig og nisjeparti går under

Klassekampen og Vårt Land er aviser som aukar i opplag. KK med heile 25 prosent lesarauke. Ganske formidabelt med andre ord, og det matcher også valgresultatet: rødgrønn seier. Trenger eg sei "hurra"? Verst ad undas går det med Dagbladet, og vi håper prosessen blir rask og smertefri, medan VG har ikkje uventa den høgaste andelen Frp-velgarar å vise til blant sine lesarar. Braanen skriv på side to i dagens Klassekampen at Dagbladet har færre SV-lesere enn mange trur (åtte prosent), men er vi egentlig så overraska? Tatt i betrakning sitatet som påstår at du må ha master for å stemme SV og phd for å stemme Rødt... Krf, Senterpartiet og Venstre er parti vi snart må innsjå at vi ikkje lenger har bruk for, sa Carl I Hagen på Frp-valgvaken igår. Nisjeavisene stig og nisjeparti går under. Eg prøver å legge sammen to og to, men får ikkje fire.

Drømmefakultetet og SCUM av Valerie Solanas

Eg les i desse dagar Drømmefakultetet av Sara Stridsberg. Denne boka er svært fasinerande. Den vekslar mellom Valerie Solanas oppvekst saman med mora Dorothy i ørkenbyen, der mora syklar til og frå huset med Valerie på bagasjebrettet og postar rosa brev til menn ho har fornærma, eller menn ho har blitt dumpa av. Dei syklar som vindar gjennom ørkenen, Valerie samlar døde ørkendyr i bakgarden, og mora stjel vesker på puben ho jobbar på og blir banka av den nye gubben når far til Valerie stikk av. Det er vanskelig å yte denne boka rettferdighet i ein omtale. Språket er heilt eksplosivt og det held det gåande side opp og side ned, utan å gi seg ein pause. Valerie rømmer heimefra og bur på stranda ilag med Silkegutt som samlar på døde sjøhestar, ho sel kroppen sin og går på stoff, ho begynner på universitetet, blir phd-student i psykologi, droppar ut, skriv SCUM - Society for Cutting up Men , og skyt popkunstnaren Andy Warhol. Storyen vekslar mellom Valerie sin oppvekst, opphaldet på menta

The Hungry Hearts - Sequence One

The Hungry Hearts - Sequence One from Joern Anthonisen on Vimeo . [First sequence from the performance band The Hungry Hearts] The Hungry Hearts consists of six members and is an art project in the extended field including music, performance, video, text and photography. The members has alter egos where Kristi Brud, Rosita Lonelyheart, Anatolah-Twins, Betty Ballbreaker and The Pantyhose Lady is the most aktive. Tekst: GaliBlog

Ingrid Heggø (Ap) si heilomvending: i 2007 var ho MOT øko kompensasjon for unge, i år er ho for og får mot seg same retorikk som ho sjølv nytta i 2007

Er det noko Sogn og Fjordane ikkje treng no, så er det å spreia eit inntrykk av at me ikkje maktar å stå på eigne bein – at me er avhengige av eigne tiltakspakker for å overleva, skriv Jan Inge Fardal på leiarplass i Sogn Avis denne veka. Og vidare: "Det kan godt vera at intensjonen og meininga bak var den aller beste, likevel – Ingrid Heggø og Arbeiderpartiet sitt forslag om ei eiga tiltakspakke for Sogn og Fjordane på linje med pakkene til Finnmark og Nord-Troms er elendig. Ja, det er verre enn det, eit slikt forslag er med på å stakkarsleggjera dette fylket. " Og eg kunne vel ikkje ha vore meir einig: I 2007 skreiv eg noko av det same i innlegget " Og ut av gasståka kom børsen" som stod på trykk i Firda 9.oktober. Den gongen var det lokalvalg, og Trude Brosvik (Krf), ordførar i den Vest Tank-ramma kommunen Gulen, fremma forslag om økonomisk kompensasjon til unge som flytta til distriktet. Formelig ei undergangserklæring. For kven vil vere med på ei skute som synk

Navarsetes «gammel gubbe-retorikk»

Først serverte Senterpartiet oss breibandsbløffen. No bløffar partiet om at dei ønsker å «ta heile landet i bruk», «ta enkeltmennesket på alvor» og «sleppe det private initiativet til». Den må dei lenger ut på landet med. (leserbrev i avisa Firda) «Eg drøymer om grøne arbeidsplassar, bygd på fornybare naturressursar, fiberbreiband til alle og moderne vegar og jernbane samt utvikling av kunnskaps- og kompetansearbeidsplassar i heile landet,» seier Liv Signe Navarsete på Senterpartiet si nettside. Spørsmålet eg stiller meg, er om Navarsete kjem til å oppfylle ein einaste av draumane sine, eller om dei kjem til å forbli ein draum. Frå nordområdene kjem det klager på manglande oppfølging av den legendariske Nordområdestrategien, lansert som sittande regjerings viktigaste utenrikspolitiske satsing. I nord treng dei vegar til transport, men i første omgang befinn desse vegane seg i ein draum, eller i ei snakkeboble. Dei finst ikkje i virkeligheten. Breibandsbløffen Og vi kan kanskje vere gla

Økologisk merkevarebløff?

Trykk på biletet og kommentaren blir stor og leselig. Det er umulig å påvise at der er mindre utslepp frå kortreist og økologisk mat, versus konvensjonell og langreist. (Denne kommentaren stod på trykk som signert-artikkel i Klassekampen 5.september 2009) Marknaden for økologisk mat er nær dobla sidan 2006. ” Dette representerer ein marknad vi i størst mulig grad må fylle med norske produkt. Økologisk mat skal vere ei inntektskilde for norske bønder ” , sa statssektretær i Landbruks- og matdepartementet, Ola T Heggem (Sp) på landsmøtet til norsk sau og geit. Innovasjon Norge reiser ikkje rundt og skryt av alle dei store industrifjøsa dei gir økonomisk støtte til, men av dei små gardsmeieria som sel kuriøs ost som fortel oss den snille historia om livet på landet som vi liker å høyre. Den om bonden med tre kyr og helst ein hest på stallen. Framstillinga av den norske bygda får vi gjennom Aftenpostens LEVE magasin der folk flyttar frå byen til bygda for å realisere seg sjølv blant økolo

Hore og madonna

Svarte tomrom i kvinners liv, enkle menn og danna middelklasseseksualitet. Derfor ender den store kjærligheten alltid ulykkelig. Vigdis Hjorth er femti år i år, og det passar i den forbindelse å publisere eit portrettintervju av denne ein av mine favorittforfattarar. Dette intervjuet vart første gong publisert i Fett i 2007. Tekst: AnneV Nesøya om våren. Store hus, badestrand, hvite hus, fine biler, rødt hus med nummerskiltet på skeive, maling flasser av, morkne planker, diger hund hopper ut døra, Vigdis Hjorth på trammen, busker og trær. - Jeg har latt meg stæsje av Henne et par ganger. Det var katastrofalt. Fikk på rød kjole og skulle se sånn nakent inn i kamera. Da begynte jeg å vise fingeren, fikk tyn og ble kalt horebabeforfatterdame i avisene etterpå. Pulverkaffe, kartongvin. Bordet vagler foran bålet i peisen. Kaffe med melk over hele bordet. Tar du en brå bevegelse faller en vegg ned, sier hun. Tar du en kopp kaffe, holder bordet på å velte. På gulvet ligger en velta hund. H