Gå til hovedinnhold

Jonas Ekeberg, kva er det du driver med?

I denne kommentaren (med ein påfølgande lang debattråd under, på Kunstkritikk.no raljerer Jonas Ekeberg over nylanserte Kunstforum.

Eg stiller, som journalist, eit heilt enkelt spørsmål om habilitet: Kan Ekeberg, som både er intervjua og omtalt i Kunstforum, også anmelde Kunstforum?

Svaret gir seg sjølv, men det ser ikkje ut til at profesjonalitet er det kunstkritikk.no set i høgsetet.

Terningkast 6 på pinlighetsskalaen oppnås. Gratulerer, Ekeberg.

Ekstra poeng for konspirasjonsteorien om at gammelsosialister i Klassekampen og nykonservative i Minerva samarbeider om eit reaksjonært prosjekt. Ein ting er at Ekeberg avslører sin mangel på kunnskap om Klassekampen, ein annan ting er hans gode fantasi som mikses opp i det heile.

Eg gleder meg til neste utspel frå Ekeberg. Kanskje vil han neste gong påstå at Klassekampen og Kunstforum står i ledtog med paven.


Kommentaren framstår som uprofesjonelt, særlig når det er ein redaktør som utviser så liten kunnskap om feltet “presse” er det litt oppsiktsvekkande. Det set kunstkritikk.no i eit lite gunstig lys. Er dette ei amatørblekke for kompiser eller er det eit seriøst produkt? Ser ut som det første, og har gjort det i lang tid. Inntrykket er no ytterlegare forsterka.

Kunstforum derimot satser profesjonelt med variasjon i sjanger, tilgjengelige tekstar og god layout.

At Minerva-folk samarbeider med Gali, og får oppslag i Klassekampen, er eit sunnhetsteikn. Der er ingen grunn til at ein ikkje skal drive debattar på tvers av politisk ståstad og medial tilhørighet. Dette bidreg til dialog og det er forbilledlig at ein klarer samarbeide på denne måten. Kunstforum framstår som inkluderande og modige, kunstkritikk som amatøraktig og feigt med ein sterk hang til å pervetere kunstfeltet med komiske konspirasjonsteorier, og ikkje minst, låg takhøgde og sterk hang til å halde på eigen amatørposisjon.

Kunstforum er eit nødvendig bidrag i ei kunstoffentlighet som mest av alt virker å ville runke si eiga utilstrekkelighet i eit kompisprega vakuum. Om ein ikkje har høgare ambisjoner enn å skrive for kompiser, duger nok denne nettsida og eit slikt profesjonalitetsnivå, men neppe ellers. Kunstforum er eit nødvendig og godt bidrag som eg ser fram til å følge vidare.

Populære innlegg fra denne bloggen

Faktafeil om eggproduksjon frå Matprat

Matprat påstår at levetid for høner er 70 veker. Dette er ein faktafeil. Deretter blir dei slakta og solgt som høns, skriv matprat. Dette er også ein faktafeil. Dei fleste høner blir gass  ihjel og etterpå brent.  Fakta er at verpehøner i industrielt verpehønshald blir slakta etter 70 veker. I naturen, eller om dei får sjansen, kan høner leve i opp mot ti år. Levetida er altså ganske mykje lenger enn matprats påståtte 70 veker. Slik Matprat framstiller det, kan det oppfattes som at høner blir slakta når deira levetid likevel er slutt. Dette er altså feil. Dei blir slakta lenge, lenge før. Verpehøner i industrielt fjørfehald har fått rugeeigenskapane sine bortavla. Dei kan altså ikkje formeire seg naturleg. Dei må rugast ut i rugemaskin. Høner i naturen ville lagt to tre fire kull med kyllingar per år, med rundt ti kyllingar i kvart. Det er ikkje naturleg for ei høne å verpe kvar dag, men gjennom avl har ein fått fram høner som verp seks egg i veka, og ein avlar...

Difor blir eg ikkje bonde Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg.

No skal eg fortelle om kvifor eg ikkje vil bli bonde. Først av alt. Eg vil ha eit verdig liv som menneske.   Eg vil ikkje leve under fattigdomsgrensa. Eg ønsker ikkje å bli utsett for systematisk sosial dumping år etter år. Eg har ikkje lyst til å måtte sei nei takk til den levestandarden som gjennomsnittsmennesket i Norge kan omgi seg med. Eg har ikkje lyst til å bruke mi tid, og mine krefter, på å produsere mat for så å bli uthengt som ein snyltar. Eg gidder ikkje. Vil du ha billeg mat, skal du få det, men det blir frå andre enn meg. Eg vil ha gourmet. Trykt i Aftenposten som kronikk der den sette klikkerrekord. DEL! Gjennomsnittelig arbeidsinntekt pr. årsverk i jordbruket er 140 000 kroner. Arvar gard Det finst eit alternativ for meg. Garden eg arvar har gjennomsnittsstørrelsen. Eg kan vere deltidsbonde. Då må eg ha ein anna jobb ved sida av. Med dobbelt arbeid vil eg kome opp i anstendig lønn. Men eg vil ikkje vere dobbeltarbeidande. Det slit på familie og s...

Bløff om burhøns

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Der er berre eit problem: burhøns er ikkje forbode i Norge. Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. ”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider). Denne artikkelen stod på trykk som gjestespalte i Nationen 14.juni 2012. Den stolte hane bløffar også om bur. Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura ...