Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar 11, 2013

Den problematiske hundeavlen

NRK sende ein dokumentar om avl på rasehundar og alle problema mange av desse rasane blir avla fram med. Auger som sprett ut av skallen om du tek dei i nakkeskinnet, auger som er for store i forhold til augeloka slik at augeloket kun dekker deler av auget og hunden blir blind i ei stripe midt i synet fordi auget tørkar inn. Mange eigarar ønsker ikkje å få gjort noko med dette augeproblemet, sjølv om augeloka kan syast inn på sidene slik at dei dekker heile auget. Og kvifor ønsker dei å heller ha ein hund som er plaga av auga enn å fikse problemet? Jo, fordi om ein reparerer problemet på hunden, mister den sitt rasesærpreg. Dette er ikkje etisk dyrehald. Det er uetisk av oppdrettar, og det er uetisk av mange hundeeigarar som held desse rasehundane. Begge partar må ta sin del av ansvaret sidan dei driv opp etterspurnaden etter rasar med sjukelege, framavla trekk. Sjå dokumentaren her. Hunderasar med kroniske augebetennelsar, kroniske pusteproblem. Alt på grunn av menneskelege krav